Kva skjer

Markens Grøde Lesja 2017
21. juli 2017 18:00 slutt: 30. juli 2017 23:00

Årets Markens Grøde blir arrangert i tidsrommet 21.07-30.07. 

Fredag 21.07:  Kl. 19.00 Allsongkveld i kyrkjestugu på Lesjaskog. Torunn Einbu og Geir Salvesen står for underhaldning og allsong. Inngang kr. 100,-

Laurdag 22.07: Kl. 19.00 Konsert med Are Hembre og Rein Alexander i Lesja kyrkje. Inngang vaksne kr. 350,- Inngang born (under 15 år) kr. 200,-. Forhandssal på Lesja bygdemuseum frå 17. juni. 

Søndag 23.07: Kl. 11.00-14.00 Fiskedag ved Lesjaskogsvatnet camping. Du får prøve oter og fiskestang. Ta med fiskestang og redningsvest viss du har. Det blir smaksprøver, og vi fyrar på grillen, så ta med grillmat. 

Onsdag 26.07: Kl. 17.00 Urtevandring m/Kjetil Modolv Bevanger. Oppmøte ved Gamle Reindølsvegen på Myrin. 

Fredag 28.07: Kl. 11.00-15.00 Markedsdag på Lesja sjukeheim. Underhaldning med Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen. 

Laurdag 29.07: Kl. 11.00-16.00 Markedsdag på Lesja bygdemuseum. Sal av lokalmat og lokalt handverk, kalvemønstring, hest og kjerre og barneridning, ansiktsmåling, tevlingar for barn og vaksne. Kafé på Tunstugu og sal av mat på tunet. 

Søndag 30.07: Kl. 12.00-16.00 Lorkvenndag. Konsert ved Kari og Paul frå visegruppa Børre. Presentasjon av tørrstugu frå Tordhol/Skarphol. Maling og salg av mjøl. Demonstrasjon av stampa. Kolbrenning og blestring. Turstigkonkurranse for barn. Servering av vassgraut, saft, kaffe og kake. 
Inngang kr. 100,- Barn går gratis! Alle er velkomne!


Spørsmål? Ta kontakt: 

gunhild.momb@gudbrandsdalsmusea.no / mob. 90692070 

aasmund@kolstadgard.no / mob. 97560274

 
Vi jobbar med ny heimeside, alt vil ikkje vera heilt oppdatert til ei kvar tid, så vi må vise litt tålmod for tida.

Ta kontakt med oss direkte om det er noko du lurer på, eller send oss ein epost post@gudbrandsdalsmusea.no.

Vi vonar vi er klare med nytt oppsett i januar 2018.

 

Siste nytt

 

KALENDER

 
M T O T F L S



GUDBRANDSDALSMUSEA FINN DU HER


Gudbrandsdalsmusea Folkemusikkarkivet Pilegrimsenteret Kyrkjesamlinger Dale-Gudbrands Gard Arkeologi Gudbrandsdal Krigsminnesamling Otta Bergverkssenter Opplandsarkivet Opplandsarkivet Opplandsarkivet Bygningsvern Einbustugu Norsk Fjellmuseet Kyrkjesamlinger Jutulheimen Lom Bygdamuseum Lesja Bygdamuseum