Kva skjer

Andrea Rice band
13. juli 2017 19:00 slutt: 13. juli 2017 22:00
Location:
Lesja bygdemuseum
Den folkekjære, irske artisten, Andrea Rice, er tilbake i Noreg med ein ny konsertturné i sommar, og nå er det Lesja som står for tur. 

Lesja bygdemuseum 
Konsert + session 
Torsdag 13. juli, kl. 19.00 
Inngang kr. 300,- kontant eller Vipps (ikkje forhåndssal). 

Andrea Rice er blant Irlands beste og mest etterspurte
«folk and ballad» live-artister. Andrea er både sanger og musiker (gitar og irsk harpe), og som band har ho med seg 
Fee Dobbin (bass og bohran) og Mark Haddock (banjo, mandolin og tenorgitar) 

Det er fyrst og fremst bygdene og tettsteda som får besøk av Andrea Rice på hennar sommarturné.
Ho blir ofte spurd kvifor ho er her på eit så lite sted fremfor større arenaer, og da svarer ho: "Den nærhet til publikum jeg får ved disse anledninger, er viktig for at repertoaret / folkesangene skal bli den «storytelling» de var ment å være".

Andrea hadde sin første turné rundt om i Noreg sommaren 1999 og blei så populær at ho er blitt invitert tilbake kvart år sidan.


Tunstugu kafé har middagsservering frå kl. 16.00-19.00 denne dagen. Det blir servert viltgryte à kr. 185,-. Bordbestilling. Bestill bord før onsdag 12. juli kl. 16.00. Ring 906 82 070 for reservasjon. 

 

Ledig vikariat for 25 % arkivleiar, Opplandsarkivet i Vågå

1. april 2017-31. mars 2018

 

Ynskjeleg kompetanse

høgskule/universitet m/kulturhistorisk- og arkivfagleg fagkrins

bør ha kjennskap til programma ASTA og Primus Foto

 

Løn og tilsetting etter avtale, frist for søknad med cv 25. januar,

museet har nynorsk som skriftspråk

 

Kontakt direktør Torveig Dahl for info tlf. 92612830, torveig.dahl@gudbrandsdalsmusea.no

 

For meir info om museet og arkivet,  sjekk heimesidene våre: gudbrandsdalsmusea.no

 

Siste nytt

 

KALENDER

 
M T O T F L S



GUDBRANDSDALSMUSEA FINN DU HER


Gudbrandsdalsmusea Folkemusikkarkivet Pilegrimsenteret Kyrkjesamlinger Dale-Gudbrands Gard Arkeologi Gudbrandsdal Krigsminnesamling Otta Bergverkssenter Opplandsarkivet Opplandsarkivet Opplandsarkivet Bygningsvern Einbustugu Norsk Fjellmuseet Kyrkjesamlinger Jutulheimen Lom Bygdamuseum Lesja Bygdamuseum