Ansvarsområder og brukerservice
Norddalsarkivet har ansvar for innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder frå Dovre og Lesja kommune. Arkivet er samlokalisert med Folkebiblioteket på Dombås.
Arkivservice og utlån
Vi tilbyr hjelp til å finne fram lokalhistoriske foto,
arkiv og slektshistorisk materiale (berre i opningstida til
arkivet) • Tilgang til kopiar/avskrifter av det mest aktuelle
kjeldematerialet for slektsgransking etter ca. 1650 • Tilgang til
leseapparat for mikrofilm/mikrofich samt datamaskin for søking i
lokale kyrkjebøker og folketellingar • Tilgang til fotodatabase med
ca. 6000 registrerte lokalhistoriske foto • Du kan få utlagt
arkivmateriale på lesesalen for gjennomsyn, avskriving eller
kopiering, dersom materialet tillet det. Arkivmateriale kan normalt
ikkje lånast med heim.
Innlevering av lokalhistorisk materiale
Som gave/donasjon • Norddalsarkivet får alle eiendoms- og
bruksrett • Til oppbevaring/deponering. Du beheld eigedomsretten og
Norddalsarkivet får avtale om bruksrett • Til kopiering. Du får
originalene tilbakelevert og Norddalsarkivet får avtale om
bruksrett av kopiane.
Tips Norddalsarkivet
Kjenner du til lokalhistoriske foto, video- og lydbåndopptak,
arkiv, enkeltdokument o.l. frå Lesja eller Dovre, som du meiner det
er verdt å ta vare på? Ikkje nøl med å ta kontakt med arkivet. Vi
vil da kunne hjelpe deg med å bevare materialet, og innlemme det i
våre samlingar, slik at det ikkje går tapt for ettertida.
Standardavtaler
For å sikre at arkivet ikkje gjer bruk av materiale mot eigarane sine ynskjer vil Norddalsarkivet opprette skriftleg avtale med alle som leverer inn materiale. Avtala regulerer partane sin bruks- og eigedomsrett til det innleverte.