Avdelingar ved Gudbrandsdalsmusea

Lom Bygdamuseum

Lom Bygdamuseum ligg i grøne omgjevnader i Presthaugen, berre 300 meter frå Fossbergom, sentrum i Lom. Presthaugen var tidlegare utmarksområde under Prestegarden, derav namnet. Friluftsmuseet har opplevingar for heile familien og oppmerka stig gjennom museumsområdet, er bygdamuseet eit godt utgangspunkt for besøk i Lom og turar ut i Breheimen nasjonalpark.

LES MEIR

Jutulheimen Bygdamuseum

Jutulheimen Bygdamuseum ligg fritt og høgt til i Prestberget i Vågå med fint utsyn over Vågåmo. Bakgrunnen for namnet Jutulheimen ligg i at næraste ”naboen” er sagnet om Jutulen som har inngangen sin inn i berget gjennom Jutulporten. Museet har 9 antikvariske bygningar og ei innhaldsrik og variert gjenstandssamling hovudsakleg knytt til jordbruk og daglegliv.

LES MEIR

Gudbrandsdal Krigsminnesamling

Gudbrandsdal Krigsminnesamling syner krigshendingane i Gudbrandsdalen og Kvam i aprildagane 1940. Samlinga gjev også eit innblikk i dagleg livet under okkupasjonsåra 1940 – 45 og ikkje minst frigjeringa 8. mai 1945. Gudbrandsdal Krigsminnesamling har og temautstillingar.

LES MEIR

Einbustugu

Utstillinga i Einbustugu gjev eit innblikk i amatørastronomen Sigurd Einbu sitt liv og virke, oppdaginga han gjorde og det nasjonale astronommiljøet han var ein del av.

LES MEIR

Lesja Bygdemuseum

Lesja Bygdemuseum plassert sentralt på Lesja midt i hjartet av nasjonalparkane i Gudbrandsdalen. Område består av ei samling hus frå 17- og 1800-tallet frå ulike plassar i Lesja. I sommarsesongen er ei rekkje friviljuge frå lokalbefolkninga med i arbeid på museet og ein kan oppleva ny og gammal tradisjon innafor kunst og kultur. Det er eiga leikeområde og sal av kaffi og vaflar.

LES MEIR

Kyrkjesamlingar

Stavkyrkjeutstillingane ligg i tilknyting til stavkyrkjene i Lom og Ringebu. Stavkyrkjeutstillingane synar fram historia frå kyrkja blei reist i middelalderen og fram til i dag og belyser ulike tema innanfor bygningskikk, prestens oppgåve i lokalsamfunnet og gravskikk.

LES MEIR

Dale-Gudbrands gard

Her finn du ei tusenårighistorie med gravhauger frå vikingtida, forteljinga om møte mellom Olav den Heilage og Dale-Gudbrand, Folkehøgskulehistorie og nåtida med formidling. Gå "Tusenårsstien i Lyd" og få historia på øyra samstundes som du går i eit kulturhistorisk landskap. Dale-Gudbrands Gard er naturlegvis Oppland Fylkes Tusenårsted. Her finn ein og utstillinga Arkeologi og E6 som fortel om utbygginga av ny hovedveg gjennom Gudbrandsdalen. 

LES MEIR

Pilegrim

Pilegrimssenteret ligg i tilknytning til Dale-Gudbrands Gard og gjev informasjon og veiledning til vandrarar som går den gamle pilegrimsvegen mot Trondheim og Nidaros. Her kan vandrarar ta ein rast og få husly for natten. Pilegrimssenteret formidlar kulturhistorien langs Pilegrimsleden og har gjeve ut ei guidebok for leden.

LES MEIR

Fjellmuseet

Norsk Fjellmuseum ligg i Lom nasjonalparklandsby. I museet kan du oppleve spennende utstillingar om naturen og bruken av fjellet, norske høgfjell og nasjonalparkar i Noreg.

LES MEIR

Otta Bergverkssenter

Otta bergverkssenter er bygt opp som ei temautstilling om bergverk og steinindustri i Sel kommune i tida 1600 - 1900. Utstillinga presenterer i tekst, foto og gjenstandar Sel kommune sin geologi og industri knytt til skiferdrift, koparverk og klebersteinsdrift samt gryteproduksjon i klebersteinsbrota i mellomalderen. Her finst også ei mineralsamling knytt til geologien i regionen.

LES MEIR

Opplandsarkivet

Opplandsarkivet er et samarbeidstiltak mellom Oppland Fylkeskommune og musea i fylket. Nettverket består av 13 avdelingar som er lokalisert ved musea i Oppland, deriblant Gudbrandsdalsmusea. Opplandsarkivets oppgåve er å samle inn, bevare og formidle privatarkiv frå Oppland og frå fylkesdekkande organisasjonar.

LES MEIR

Folkemusikk arkivet

Opplandsarkivet med under avdeling folkemusikk arkivet er eit samarbeidstiltak mellom Oppland Fylkeskommune og musea i fylket. Gjennom arkivet kan du skaffe deg kunnskap om tradisjonsmusikken. Her finst ei svært omfattande samling av notar, lydopptak, intervju, biletstoff, bøker, artiklar og anna. Materialet er frå 1800-talet og fram til i dag.

LES MEIR

Arkeologi

LES MEIR

Bygningsvern

Bygningsvernrådgjeving er ein del av eit nettverk der alle regionmusea har sin rådgjevingsteneste saman med fylkeskonservator. Til saman er dette eit unikt tilbod og ein samling av ulik spisskompetanse i Oppland. Den lokale spisskompetanse er innafor antikvarisk arbeid på gamle hus i Gudbrandsdalen, byggeskikk og handsverkstradisjonar.

LES MEIR