Om Lesja bygdemseum

Lesja Bygdemuseum er eit friluftsmuseum plassert sentralt på Lesja midt i hjartet av nasjonalparkane i Gudbrandsdalen. Museet består av ei samling hus frå 17- og 1800-talet, og representerar eit utsnitt av bygdas byggeskikk i perioden. Husa kjem frå ulike garder i Lesja, og synar fram korleis ulike samfunnslag budde og levde. Husa er i stor grad oppført på dugnad frå midten av 1970-talet og fram til midten av 1980-talet. Det har vore og er fortsatt eit stort, lokalt engasjement for bygdemuseet i bygda. 

I sommarsesongen bidreg ein rekke frivillige frå lokale lag og foreininger i arbeid på museet. Dei synar fram tradisjonshandverk som blant anna karveskurd, rulling av klede og broderi. Bakstkjerringane held til i eldhuset og i stugu frå Ulateig, og dei tryllar fram skrivabrød, potetlefse, tunnkaku og andre tradisjonsrike matprodukt. Her er det òg moglegheiter for smaksprøver og ein prat over ein kopp kaffe. 

Lesja bygdemuseum har ei rekke utstillingar, nokon står fast og andre er temporære. Moglegheita til å oppleve ny og gamal tradisjon innanfor kunst og kultur er noko av det som gjør eit besøk til Lesja bygdemuseum til noko unikt kvar gong.

Anna informasjon:

På området finn du: Toalett, HC-toalett m/stellebord, heis, museumsbutikk, leikeområde for born, ulike dyr, mange sitjeplassar (ute og inne), parkeringsplass med plass til både buss og campingbilar.  

Tysdag-laurdag: Venneforeininga sel kaffe, vafler og is i Hattremstugu. 

Lesja bygdemuseum er betjent i ordinær opningstid. 



 

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

OPNINGSTIDER SOMMAR 2017

17. juni - 19. august

Tysdag - sundag 10.00 - 16.00

Måndag stengt

Utanom ordinere opningstider etter avtale

OPPLAND FYLKE
Lesja Kommune