Utstilling Lesja Bygdemuseum

Heitkøtter | Eit liv i norsk natur 

9. juni 2017 opna vi ei permanent utstilling om Heitkøtterbrørne Olaf, Norman og Fredrik. 

Olaf fekk liv i nesten 160 fiskevatn i Lesja, Norman oppretta Rondane nasjonalpark, og Fredrik var lidenskapelig oppteke av vassdragsvern og fiske. 

Les om deira arbeid med naturvern og naturforvaltning. Utstillinga finn du i kjelleren på servicebygget. 

 

Villreinjegarane kjem

I kjelleren på servicebygget finn du denne permanente utstillinga. Det siste året har utstillinga vore under oppussing, og no er ho atter ein gong ope for publikum. Ta deg ein titt!

 

Draktutstilling 

I Nestandestugu finn du utstilling av gamle drakter frå området. I det same bygget sit damene frå Firkløveren kvar tysdag i løpet av sommaren og syr. 


Utstilling om lokale fisketradisjonar

Gudbrandsdalsmusea har eit omfattande samarbeid med lokale krefter i bygdene våre, og har difor ofte samarbeid om utstillingar og formidling. Rolf Sørumgard har lenge ivra for at vi skulle lage utstilling om dei rike og omfattande fisketradisjonane i Lesja, både i fortid og i samtid. Denne sommaren kan museet såleis presentere ei omfattande utstilling om fiske i Lesja.
Det er Rolf Sørumgard som har vore ansvarleg for utstillinga. Med seg i arbeidet har han hatt sine to brør Sverre og Steinar Sørumgard, Mari Sæland og Sigurd K. Bø, som alle har gjort ein stor innsats for å få til denne omfattande utstillinga. Det er lånt inn ei stor mengde gjenstandar frå private eigarar.
Utstillinga tek for seg ulike fangstmetodar som ikkje er i bruk lenger, som lystring og sløefiske – og fører fisket fram til dagens meir moderne reiskap. Det er og fyrste gong at museet viser fram ei sjeldan og veldig stor «not» som er i samlinga på musee. Denne nota drog dei med hest frå land. Kor gamal denne er, er vanskeleg å seia, bruken er ikkje kjent i bygda i manns minne. Men det som og er heilt spesielt er søkka som er i brukt, dei er laga i jern og har ikkje rusta. Lesja Jernverk var i drift frå 1660 til slutten av 1700-talet, og var m.a. kjend for at dei laga jern som ikkje rusta.


Kakejernutstilling 

I Kornmagasinet har Lesja bygdemuseum med god hjelp av Bjørg Nordset og Oddvar Romundset laget ei utstilling om kakejern frå Lesja. Her finn du 46 ulike kakejern med mykje forskjellige mønster og dekorasjonar. Absolutt verd ein titt! 

Ledig vikariat for 25 % arkivleiar, Opplandsarkivet i Vågå

1. april 2017-31. mars 2018

 

Ynskjeleg kompetanse

høgskule/universitet m/kulturhistorisk- og arkivfagleg fagkrins

bør ha kjennskap til programma ASTA og Primus Foto

 

Løn og tilsetting etter avtale, frist for søknad med cv 25. januar,

museet har nynorsk som skriftspråk

 

Kontakt direktør Torveig Dahl for info tlf. 92612830, torveig.dahl@gudbrandsdalsmusea.no

 

For meir info om museet og arkivet,  sjekk heimesidene våre: gudbrandsdalsmusea.no

 

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

OPNINGSTIDER SOMMAR 2017

17. juni - 19. august

Tysdag - sundag 10.00 - 16.00

Måndag stengt

Utanom ordinere opningstider etter avtale

OPPLAND FYLKE
Lesja Kommune