Arkeologi - Gudbrandsdalsmusea har ikkje regional arkeolog for tida, kontakt museet så kan vi bistå - eller sende vidare til kulturminneforvaltninga

5. juli: MIniseminar og vandring til fangstanlegg i Bånskardet, Ringebufjelletfjellet

5. juli: MIniseminar og vandring til fangstanlegg i Bånskardet, Ringebufjelletfjellet

01.07.2014

Laurdag 5. juli inviterte Venabu fjellhotell og Gudbrandsdalsmusea til ein fagdag med tema villrein og fangstanlegg i Ringebufjellet. Vi starta med eit gratis miniseminar på Venabu kl. 11 med ca 50 frammøtte, Der heldt arkeolog Runar Hole foredrag om fangstanlegget i Bånskardet, Hans Olav Bråtå frå Østlandsforsking orienterte om kompetansemeklingsprosjektet og om villreinen som verdiskapar, Lars Tveter og Torveig Dahl orienterte om arbeidet med brosjyre og opplegget for Bånskardet, Maj-Britt Svastuen frå Putten og Høvringen orienterte om erfaringane med eit liknande prosjekt på Formokampen. Etterpå vandra vi saman frå Muvatnet til Bånskardet med orienteringar undervegs. Turleiar var Lars Tveter med lokal kjentmann Jon Ødegård og arkeolog Runar Hole som alle orienterte om ulikt medan vi var ute i landskapet. Mange av deltakarane bidrog med lokale historier og utveksla erfaringar og tankar for vidare arbeid.

<<TILBAKE

Diskutèr denne artikkelen:


comments powered by Disqus

NYTT

OM ARKEOLOGI

AKTIVITETAR

 

OPPLAND FYLKE
Sør-Fron Kommune