Om Otta bergverkssenter

Otta bergverkssenter er bygt opp som ei temautstilling om bergverk og steinindustri i Sel kommune hovudsakleg i tida 1600 - 1900. Ein syner og til gryteproduksjon i klebersteinsbrota i mellomalderen.

Utstillinga presenterer i tekst, foto og gjenstandar Sel kommune sin geologi og industri knytt til skiferdrift, koparverk og klebersteinsdrift . Her finst også ei mineralsamling knytt til geologien i regionen.
Utstillinga er lokalisert saman med Sel bibliotek i Otta.

Kulturminneområdet Rustgruvene

I 2009 vart det etablert ein kulturstig knytt til dei gamle kopargruvene på Rusthøe. Med tilskott frå Riksantikvaren bygde Sel kommune og Gudbrandsdalsmusea ein vel 6 km lang kulturstig med 18 informasjonstavler. Stigen tek til ved P-plassen på Rustom rett aust for Otta sentrum.

Dokumentasjon av bergverk- og industrihistoria i Gudbrandsdalsmusea sitt ansvarsfelt

Gjennom eit registrerings- og dokumentasjonsprogram søkjer Gudbrandsdalsmusea å dokumentere, ta vare på og formidle spora etter bergverk- og industrihistoria i regionen. Museet har tilsett eigen registrator som arbeider med dette. Vi har etablert eit godt samarbeid med Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg og er med i det bergsverksnettverket som del av det nasjonale museumsnettverket.

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

OPNINGSTIDER

Måndag, onsdag kl. 12-19. Tysdag, torsdag og fredag kl. 10-16 laurdag kl. 10-14, elles etter avtale.

OPPLAND FYLKE
Sel Kommune