Om Bygningsvern

Bygningsvernrådgjeving er ein del av eit nettverk der alle regionmusea har sin rådgjevingsteneste saman med fylkeskonservator. Til saman er dette eit unikt tilbod og ein samling av ulik spisskompetanse i Oppland. Den lokale spisskompetanse er innafor antikvarisk arbeid på gamle hus i Gudbrandsdalen, byggeskikk og handsverkstradisjonar.

Vi samarbeider mykje med forvaltning, i tillegg til praktisk erfaring med gamle hus og handverk. Kan bistå i ulik planlegging for eksempel ny bruk av gamle hus eller tilpasning av nye bygningar i gardsmiljø.