Om Dale-Gudbrands gard

Hundorp og Dale-Gudbrands Gard har ein viktig plass i historia til både fylket og nasjonen. Hendingane her utgjer ein viktig del av den norske kristningshistoria. Garden har òg framgjennom tida vore ein møtestad for ulike meiningar og kulturar. Utandørsområde med gravhaugar.

Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard ligg på tusenårsstaden til Oppland fylke. Senteret har mellom anna ansvar for informasjon om ruter, overnatting, attraksjonar og organisering av vandringar på leia frå Lillehammer til Nord-Sel. Senteret på Hundorp tilbyr enkel overnatting og sjølvhushald.

Tilknytta senteret ligg Gardsbutikken - sal av lokal produserte varer. Gardsbutikken sel og lydturen " Tusenårsstien" - ein adiouvisuell forteljing av gardens historie med fleire tema.

Gudbrandsdalsmusea gjev også omvisning for grupper, då på bestilling.

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

LENKER

OPNINGSTIDER

kvar dag frå 23. juni til 20. august fra 12 - 18.

OPPLAND FYLKE
Sør-Fron Kommune