Om Folkemusikk arkivet

Folkemusikkarkivet for Midt og Sør-Gudbrandsdal er ei avdeling i Opplandsarkivet og omfattar kommunane: Gausdal, Lillehammer, Øyer, Ringebu, Nord-Fron og Sør-Fron. Arkivet har som mål å samle inn og ta vare på tradisjonsmusikk frå dette området. Gjennom arkivet kan du skaffe deg kunnskap om tradisjonsmusikk og tradisjonsberarar. Her finst ei svært omfattande samling av noter, lydopptak, intervju, biletstoff, bøker, artiklar og anna. Materialet er frå 1800-talet og fram til i dag. Samlinga har rundt 20 000 registreringar. Ta også kontakt med arkivet viss du veit om materiale som bør takast vare på for ettertida.

Folkemusikkarkivet for Nord-Gudbrandsdalen er ei avdeling i Opplandsarkivet og omfattar kommunane: Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Arkivet ynskjer å samle inn, dokumentere og formidle folkemusikk og -dans frå området til alle interesserte. For tida har vi særleg høg kompetanse på folkedans og dansetradisjonar.Ta gjerne kontakt

 

Velkomen innom!

BESØKSINFO

NYTT

SAMLING

OM FOLKEMUSIKKARKIVET

AKTIVITETAR

OPNINGSTIDER

Etter avtale. Arkivet har ikkje fast opningstid men er stort sett bemanna på kvardagar.

 

OPPLAND FYLKE
Sør-Fron Kommune