Gudbrandsdalsmusea gjer historie levande gjennom museum, arkiv og besøkssentre frå Ringebu og nordover i Gudbrandsdalen. Vi tek vare på hus, tradisjonar, reiskap, instrument, bilete, brev, musikk og anna verdifullt frå tidlegare tidar slik at du kan få sjå og høyre korleis menneska levde.

I Lesja, Lom og Vågå kan du besøke eit av friluftsmusea med tømmerhus frå 1600-, 1700- og 1800-talet. I privatarkiva for som dekker 9 kommunar med avdelingar på Dombås, Ringebu, Vågå og Skjåk kan du finne fram gamle skattar i dokument eller fotografi, eller lære meir om levd liv i Gudbrandsdalen. Tryllande tonar frå heile dalen finn du i folkemusikkarkiva i Vågå og på Hundorp. Er du interessert i krigshistorie, kan du dra til Gudbrandsdal krigsminnesamling på Kvam. På Dombås kan du sjå innom Einbustugu der den verdskjende astronomen Sigurd Einbu budde. På Otta ligg Otta Bergverkssenter med stein og historiane om korleis dei har vore nytta av menneska. I Lom finn du Norsk fjellmuseum inne på Norsk fjellsenter, med mellom anna utstillinga Bergtatt som syner fram menneska si bruk av fjellet i all tid. På Hundorp finn du pilegrimssenteret og Oppland fylkes tusenårstad. På Ringebu og i Lom kan du vitje stavkyrkjeutstillingane like ved stavkyrkjene.

Kom innom ei av våre avdelingar og få ein smakebit av historia!

Friluftsmusea

Lesja Bygdemuseum

Skrivabrød, tynnkaku, bunadar, lam, vaflar og ein haug med folk i arbeid. Om sommaren er tunet på Lesja bygdemuseum nett som eit livleg gardstun på 1700-talet.

Presthaugen - Lom bygdamuseum

I skogen i Presthaugen finn du 21 tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet og det som kan vere Noreg sitt største stabbur.

Jutulheimen - Vågå bygdamuseum

Trollbindande utsikt mellom fortryllande hus i 1700-tals stil.

Ullinsvin gamle prestegard | Vågå

Vågå har gjennom tidene trekt til seg kunstnarar, fotografar, musikarar og handverkarar. Ullinsvin fører den rike arva vidare!


Besøkssentre

Fjell, kyrkjer, krig, stein og ein verdskjend astronom. Ta turen innom eit av besøkssentra og få med deg ein bit av historia.

Norsk fjellsenter

På Norsk fjellsenter i Lom sentrum kan du sjå fleire verdskjende funn - gjenstandar som har smelta fram frå isen i fjella. Du kan også få tips til turar i og utanfor nasjonalparkane. Fjellsenteret er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Få med deg utstillinga Bergtatt, om folk og fjell, naturgeografi og framveksten av fjellturismen i Jotunheimen - toppa med lærerike Fjellviten og Vérrommet. I butikken på fjellsenteret er det eit stort utval turkart og bøker om fjell og klima, postkort og suvenirar.

Les meir

På Norsk fjellsenter i Lom sentrum får du tips til turar i og utanfor nasjonalparkane. Fjellsenteret er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. I juni 2018 opna utstillinga Bergtatt, om folk og fjell, naturgeografi og framveksten av fjellturismen i Jotunheimen. I butikken på fjellsenteret er det eit stort utval turkart og bøker om fjell og klima, postkort og suvenirar.

Norsk Fjellmuseum vart etablert i den gamle ombygde bussgarasjen etter OKB i 1994. i 2011 vart det inngått ein samarbeidsavtale med regionmuseet Gudbrandsdalsmusea AS, slik at delar av verksemda (formidling, samlingsarbeid og Fjellarkivet) ved fjellmuseet er konsolidert med Gudbrandsdalsmusea. I dag er fjellmuseet del av ei omfattande næringsklynge kalla Norsk Fjellsenter.

i 2019 er Norsk Fjellmuseum nominert som ein av tre kandidatar til Årets Museum av Norges Museumsforbund.

Les meir og se opningstider her.

Gudbrandsdal Krigsminnesamling

Dei hardaste kampane i Sør-Noreg fann stad i Kvam, då tyskarane og britane braka saman i april 1940. Kyrkja og om lag 70 hus brann ned. Utstillinga er ei unik minnesamling om desse hendingane, krig, okkupasjon og forsvar i Gudbrandsdalen.

Les meir


Kom på besøk til museet og sjå gjenstandar, bilete og kart som visar kva som hende desse dramatiske aprildagane i 1940. Du kan òg møte motstandskvinna ”Kess” som blei fange nummer 9149 på Grini og sjå miniatyr-tinga ho laga under fangenskapet. Fleire temautstillingar er og kome på plass. I utstillinga finn du òg mykje sjeldsynt og originalt utstyr frå soldatane.

Okkupasjonen av Noreg den 9. april 1940 var starten på ei periode med store endringar for nasjonen, samfunnet og folk flest. I fem år var landet i ein konstant tilstand av okkupasjon, krig og forsvar, noko som har vore med på å forme kven vi er i dag.

Ved sida av museet finn du fredsparken med minnestein over falne under den andre verdskrigen.

Digitalt museum - direktelink til gjenstandar og foto ved Krigsminnesamlinga

Omvisning etter avtale

Kontakt

Dale-Gudbrands gard

Dale-Gudbrands gard har vore eit knutepunkt langs vegen i over tusen år. I dag kan du få omvising langs kulturstigen, informasjon om pilegrimsleden, overnatte eller besøke gardsbutikken.

Les meir

Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands gard ligg på tusenårsstaden til Oppland fylke. Senteret har mellom anna ansvar for informasjon om ruter, overnatting, attraksjonar og organisering av vandringar på leia frå Lillehammer til Nord-Sel. Senteret på Hundorp tilbyr enkel overnatting og sjølvhushald for pilegrimar.

Tilknytta senteret ligg ein gardsbutikk som sel lokalproduserte varer og bøker. Gardsbutikken sel og lydturen "Tusenårsstien" - ein adiouvisuell forteljing av gardens historie med fleire tema. Tusenårsstien kan og opplevast i ein APP - Gudbrandsdalsmusea. Appen er tilgjengeleg i App store og Google play.

Dale-Gudbrands gard er Oppland fylke sin tusenårsstad på grunn av dei mange gravhaugane og kulturminna som ligg i området. Ein tur etter kulturstigen gir den besøkande moglegheit til å høyre meir om kulturminna og historia. Garden er i dag ein naturleg stopp for pilegrimar på vandring langs Olavsvegen til Nidaros. Du finn og eit vigsla kapell/stillerom her, ein plass for ettertanke og ro.

Gudbrandsdalsmusea gjev også omvisning for grupper, då på bestilling.

Garden husar leiinga i Gudbrandsdalsmusea.

Kontakt

Pilegrimssenteret

Er du nysgjerrig på Pilegrimsleden, eller alt på veg? På Dale-Gudbrands gard finn du pilegrimssenter for Gudbrandsdalen med gardsbutikk, overnatting og informasjon om leden mellom Lillehammer og Dovre

Les meir

Pilegrimssenteret har mellom anna ansvar for informasjon om ruter, overnatting, attraksjonar og organisering av vandringar på leia frå Lillehammer til Nord-Sel. Senteret på Hundorp tilbyr enkel overnatting og sjølvhushald. Ein kan og lesa meir på Pilegrimssenter Dale-Gudbrand, eller på facebook. Pilegrimsleden har ei eiga heimeside: www.pilegrimsleden.no

Kontakt

Ringebu stavkyrkjeutstilling, Ringebu Prestegard

Av kring 1000 stavkyrkjer, er Ringebu stavkyrkje ei av dei 28 stavkyrkjene som er bevara fram til i dag. I Ringebu Prestegard finn du kafé, galleri og stavkyrkjeutstillinga med arkeologiske funn, stavkyrkja si historie, oversyn over alle stavkyrkjene i Noreg, bruken av kyrkja opp gjennom tidene og prestegarden, husa, prestane og hagen.

Les meir

Ringebu stavkyrkje - heilagt rom og lokalt rom


Ringebu stavkyrkje er bygd tidleg på 1200-talet og er ei av dei største stavkyrkjene som står att i Noreg i dag. Stavkyrkjene er sterke symbol på vår nasjonale kulturarv og blir saman med vikingskipa rekna som Noreg sitt viktigaste bidrag til verdskulturarven. Ringebu stavkyrkje er som rom og stad, eit bindeledd mellom den universelle kyrkja og den lokale kyrkja, mellom Noreg og det kristne Europa.

I Ringebu prestegard finn ein og ei utstilling om stavkyrkja og bruken. I stavkyrkjeutstillinga kan du sjå en film der lokalhistorikaren Per Åsmundstad fortel om kyrkja og Ringebu gjennom tidene. Funn frå dei arkeologiske utgravingane i kyrkja i 1980 og 81 er ei viktig del av utstillinga, gjenstandane viser ulike sider ved historia til sjølve bygninga og til handlingar som dåp, skriftemål og nattverd, konfirmasjon, truloving og giftemål, død og gravferd.

Du finn i tillegg til stavkyrkjeutstillinga, ei eige utstilling om Ringebu Stavkyrkje og oversyn over alle stavkyrkjene som er bevara i Noreg. Denne utstillinga fortel meir om byggemåten, ombyggingar, inventar og kunst i kyrkja.

Prestegården har ei eige utstilling om Ringebu Prestegard, gardshistorie, oversyn over alle prestane som har vore der, om husa på garden og setra, hagen og om prestegarden i dag. Her kan en å følgje utviklinga av kultursenteret frå prestegard til kultursenter slik det fremstår i dag med kunstgalleri der ein kan sjå vekslande utstillingar i mange av husa.

Prestegardshagen er opparbeidd av friviljuge i godt samarbeid med Ingeborg Mellgren Mathisen. Hagen har i dag rosebed, staudebed, fjellhage, urter og nyttevekster, bærbusker og epletre. Det meste er eldre vekster som er henta inn frå andre i bygda. hagen blir drifta og utvikla av ei eige gruppe under Stiftelsen Ringebu Prestegard.

Du finn meir informasjon om Ringebu Prestegard og oversyn over utstillingane på Ringebu Prestegard

Kontakt

Stavkyrkjesenteret i Lom

Det har truleg våre over tusen stavkyrkjer i landet. No er det 28 att. Ei av dei står midt i Lom. I stavkyrkjesenteret like ved kyrkja, kan du lære meir om kyrkjeromma, historia om kyrkja, bruken av kyrkja og sjå modellar og gamle gjenstandar frå ulike renoveringar av stavkyrkja.

Les meir

Stavkyrkjene er sterke symbol på vår nasjonale kulturarv gjennom 800 år. I Gudbrandsdalen har vi framleis fleire stavkyrkjer som er i bruk. Ein reknar med at Lom stavkyrkje vart bygd på slutten av 1100-talet. Kyrkja spela ei sterk rolle i livet til folk. Her gjekk dei gjennom alle faser i livet frå dåp og konfirmasjon til gravferd.

Stavkyrkjesenteret syner ei permanent utstilling om Lom stavkyrkje si 1000 år gamle historie.

Utstillinga gjev ei levande framstilling av både middelalderliturgien, prestens oppgåver i lokalsamfunnet og gravferdsskikkar. Konstruksjonen og utviklinga av bygninga blir illustrert gjennom bygningsmodellar, tekst og foto.


Dei utstilte originale bygningselementa som mønekammen med kors og dragehovudet, er av spesiell interesse. I over 750 år pryda dei taket på stavkyrkja, før dei måtte takast ned for konservering og bli erstatta med nye. Nå kan ein beundre dei i stavkyrkjesenteret.

Otta Bergverkssenter

Kleberstein har spela ei viktig rolle for menneska i Gudbrandsdalen heilt frå vikingtida. Frå 1600-talet begynte folk i tillegg å hente ut skifer og kopar. Bergverksenteret og kulturstigen ved Rustgruvene, syner fram noko av kunnskapen vi har kring bergverk og steinindustri i området.

Les meir

Otta bergverkssenter er bygt opp som ei temautstilling om bergverk og steinindustri i Sel kommune i tida 1600 til 1900. Kleberstein er ein mjuk bergart som lett kan skjærast i med kniv. Steinen er samstundes svært varmebestandig. Difor var ho nytta til gryter og andre gjenstander til hushaldninga.

Utstillinga presenterer i tekst, foto og gjenstandar Sel kommune sin geologi og industri knytt til skiferdrift, koparverk og klebersteinsdrift. Du finn også ei mineralsamling knytt til geologien i regionen.

I 2009 vart det etablert ein kulturstig knytt til dei gamle kopargruvene på Rusthøe. Med tilskott frå Riksantikvaren bygde Sel kommune og Gudbrandsdalsmusea ein vel seks kilometer lang kulturstig med 18 informasjonstavler. Stigen tek til ved parkeringsplassen på Rustom rett aust for Otta sentrum.

Industrihistoria er ein sentral del av norsk kulturarv og har nokre stadar etterlatt seg djupe spor i kulturlandskapet.

Dokumentasjon av bergverk- og industrihistoria i Gudbrandsdalsmusea sitt ansvarsfelt

Gjennom eit registrerings- og dokumentasjonsprogram søkjer Gudbrandsdalsmusea å dokumentere, ta vare på og formidle spora etter bergverk- og industrihistoria i regionen. Museet har tilsett eigen registrator som arbeider med dette. Vi har etablert eit godt samarbeid med Norsk Bergverksmuseum på Kongsberg og er med i det bergsverksnettverket som del av det nasjonale museumsnettverket.

Digitalt museum - direktelink til gjenstandar frå Otta Bergverkssenter

Kontakt

Einbustugu

Einbustugu er barndomsheimen til Sigurd Einbu - hobbyastronom, lærar og gardbrukar. Einbu vart eit internasjonalt anerkjent namn innan astronomi etter oppdaginga av stjerna Nova Geminorum II i 1912.

Les meir

Astronom og utforskar

Sigurd Einbu (1866-1946) bygde sitt eiga observatorium på garden på Dombås. Der studerte han stjernene og været. Han fekk etter kvart gode kontaktar ved universitetet i Oslo, noko som ga han tilgang til betre utstyr og litteratur. Han skreiv fleire bøker og artiklar om sine oppdagingar. Både bøkene og utstyret han nytta, er utstilt i Einbustugu.

Det er skrive ei bok om livet og oppdagingane til Sigurd Einbu: En himmelrommets fyrvokter, Sigurd Einbu. Hobbyastronomen etterlot seg òg nær 6000 brev som er tilgjengeleg i Opplandsarkivet avd. Dombås. Brevsamlinga er òg søkbar på nett.

Her finn du Einbustugu

Einbustugu ligg på toppen av Dombåshaugen kring 400 meter vest for Dombås kyrkje. Følg stien frå parkeringsplassen bak kyrkja til Dombåshaugen. Herifrå er det 150 meter langs Dombåshaugen fram til Einbustugu.


Kontakt

Bygningsvern

Treng du råd om kva du kan gjere med eit gamalt bygg? Vår bygningsvernrådgjevar har spisskompetanse innanfor antikvarisk arbeid på gamle hus, byggeskikk og handverkstradisjonar i Gudbrandsdalen.

Les meir

Bygningsvernrådgjevar Håvard Syse kjem gjerne på befaring og svarar på spørsmål du måtte ha om gamle hus, byggeskikkar, ny bruk, eller tilpasning av nye bygningar til gamalt gardsmiljø. Han kan òg bistå med søknader om tilskot.

Bygningsvernrådgjevaren har lokal spisskompetanse innanfor antikvarisk arbeid på gamle hus, byggeskikk og handsverkstradisjonar i Gudbrandsdalen.

Prisar

550 kroner per time. Eigarar av gamle hus får åtte timar til rådvelde gratis. Dette inkluderer synfaring og hjelp med eventuelle søknadar om tilskot.

Kontakt

Villreinløypa

Ein vegvisar til unike opplevingar knytt til fjellets nomade.

Les meir

Heilt frå isen forsvann etter siste istid har menneska i Gudbrandsdalen søkt til fjellet for å fange rein. Heile dyret, med skinn, bein og kjøt, var livgjevande varer båe til eige bruk og som handelsvare. Den dag i dag er reinen framleis ein viktig del av identitet og tradisjon, både i tamrein- og villreinområda i regionen.

Mellom Norsk fjellsenter i Lom, Lesja bygdemuseum og Norsk villreinsenter Nord på Hjerkinn er det mykje spanande å oppleve – og Villreinløypa sett deg på sporet.

villrein-vaagaa-pilot.jpg#asset:800:bookSmall

Villreinløypa-pilot i ny Volvo-kampanje

I Vågå sentrum har naboane Sov lodge, Andre etasje og Jutulskinn funne saman og skapt unike opplevingar knytt til rein. Her kombinera dei høgkvalitetsmat i ein sveitservilla, mjuke senger i eit tømmerhus og tradisjonshandverk i eit unikt naturgarveri med naturopplevingar i fjellheimen. Her er reinen som ressurs og kulturberar den raude tråden.

Les Volvo si eiga beskriving her.

villrein-nye-konsept.jpg#asset:799:bookSmall

Testar nye konsept

På kvar sin kant av regionen utviklar bedrifter i Lesja og Skjåk nye og spanande konsept knytt til rein. Følg med vidare for fleire opplevingar i villreinens rike. Følg oss gjerne for jamlege oppdateringar på Facebook.




Kontakt

Opplandsarkivet

Ta ein djupdykk i den nære eller fjerne historia og finn bilete, dokument, protokollar, film, lydfilar eller andre skattar. Arkivarane har lokalkjennskap og veit å finne fram i lokalhistoria, kyrkjebøker og andre historiske kjelder for deg. Vi har avdelingar som dekker heile Midt-og Nord-Gudbrandsdalen og heile dalen med folkemusikkarkiv.

Innlandsarkivet avdeling Dombås

Vi har store samlingar med lokalhistoriske foto og litteratur. Du finn mellom anna brev og artiklar etter amatørastronomen Sigurd Einbu og arkiv frå statsråden og stortingsmannen Lars Moen.

Les meir


Innlandssarkivet avdeling Dombås har om lag 200 ulike arkiv frå bedrifter, lag, foreiningar og privatpersonar. Vår arkivar, Ola Tovmo, rettleiar deg gjerne i bruk av arkivet og samlinga, hjelper med tolking av gamle dokument, slektsforsking eller tyding av gotisk handskrift. Du kan òg søkje eller bla i fotosamlinga med over 16 000 digitaliserte og registrerte lokale foto.

Arkivet samarbeider med lokale historielag og andre aktørar i bevaringa av ulikt materiale gjennom innsamling, dokumentasjon og formidling.

Arkivet er lokalisert saman med folkebiblioteket på Dombås, og arkivet og biblioteket har felles lokalsamling med studieplassar, tilgang til PC og leseapparat for mikrofilm/mikrofiche.

Vi tek gjerne imot nye arkiv, foto, film og anna historisk dokumentasjon.

Digitalt museum - foto frå avdeling Dombås

Arkivportalen - arkiv ved avdeling Dombås.

Liste over arkiv ved avdeling Dombås (både ferdig ordna, delvis ordna og uordna).


Kontakt

Innlandsarkivet avdeling Midtdalsarkivet

Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse frå heile Midt-Gudbrandsdalen. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Les meir

Innlandsarkivet avdeling Midtdalsarkivet i Ringebu driv aktiv innsamling og registrering av arkiv frå Midt-Gudbrandsdalen. Arkivet tek vare på arkivmateriale frå privatpersonar, organisasjonar, bedrifter, foreiningar og lag. Vi samarbeidar tett med Ringebu historielag.

Arkivet held til i det nye innovasjonssenteret midt i Ringebu sentrum.

Digitalt museum - foto frå Midtdalsarkivet

Digitalt museum - foto frå Ringebu historielag

Digitalt museum - foto frå Gausdal historielag

Arkivportalen - direktelink til arkiv ved Midtdalsarkivet.


Kontakt

Innlandsarkivet avdeling Skjåk

Vi er ein sentral aktør i lokalsamfunnet. Vi samlar inn og tek vare på tekstar, protokollar, bilete og anna av interesse. Kom gjerne innom og få hjelp til å leite fram informasjon, lokalhistorisk forsking eller å tyde gamle tekstar.

Les meir

Innlandsarkivet i Skjåk har personarkiv, gardsarkiv, arkiv etter lag og organisasjonar, verksemder og fotografiar. Arkivaren kan stå til hjelp med søking etter slekt, historisk materiale og bruk av kjelder og kjeldekritikk.

Avdelinga i Skjåk er aktiv i lokalsamfunnet med utstillingar, arrangement og foredrag. Arkivet har i tillegg til innsamling og formidling av privatarkiv, gjennom fleire år arbeidd med å bygge opp ei lokal fotosamling. Denne er no på nærare 15 000 bilete. I denne samlinga finn du fotografi av profesjonelle fotografar òg ei større samling private bilete. Ei gruppe friviljuge møtast kvar torsdag for å namne personar og registrere bilete. Bileta kan nyttast i publikasjonar, forsking og anna lokalhistorisk forteljing og dokumentasjon.

Opplandsarkivet avdeling Skjåk ligg saman med Skjåk folkebibliotek. Besøkande har tilgang til Skjåk studiesenter med det de måtte trenge av teknisk utstyr, både til eige bruk og for kurs.

Digitalt museum - foto frå avdeling Skjåk.

Arkivportalen - arkiv ved avdeling Skjåk.


Kontakt

Innlandsarkivet avdeling Vågå

Innlandsarkivet på Ullinsvin i Vågå driv aktiv innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kjelder, private arkiv og arkiv frå lag og foreiningar. Den store samlinga av arkivmateriale skapar eit mangfaldig bilete av folk og sammfunn i regionen. Kvar tysdag er slektsarkivet ope for publikum, og dei tilsette bistår med slektsgransking.

Les meir

Innlandsarkivet er ei mangfaldig kjelde til lokalhistoria. Her finn du eit breitt og spennande arkivmateriale som dekker kommunane Sel, Vågå og Lom.

Våre arkivarar kan hjelpe deg med å finne fram i og tyde lokalhistoriske foto, arkiv og anna slektshistorisk materiale. Du kan òg få hjelp til å lese gotisk handskrift og få tilgang til kopiar/avskrifter av det kjeldematerialet du treng for å drive med slektsgransking.

Kvar tysdag har vi ope publikumsdag for alle som vil dykke ned i slektshistoria!

Arkivet har tilgang til leseapparat for lesing av kyrkjebøker og folketeljingslister. Du kan be om å få lagt arkivmateriale fram på lesesalen til gjennomsyn, avskriving eller kopiering, dersom materialet er i god nok stand til det. Arkivmaterialet kan ikkje lånast med heim.

Kjenner du til lokalhistoriske foto, video- og lydbåndopptak, arkiv, enkeltdokument eller lignande frå Sel, Vågå og Lom som du meiner det er verdt å ta vare på? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss på arkivet. Vi kan hjelpe deg med å bevare materialet slik at det ikkje går tapt for ettertida.

Arkivet i Vågå finn du i Ullinsvin, i sokkeletasjen under fjøset - saman med Norsk Kulturarv.

Ta gjerne kontakt på førehand, så kan vi finne fram arkivmaterialet til du kjem.

Kontakt oss gjerne før du kjem: folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no.

Digitalt museum - foto frå avdeling Vågå.

Arkivportalen - arkiv ved avdeling Vågå.


Kontakt

Folkemusikkarkivet Sør- og Midt-Gudbrandsdalen

Folkemusikkarkivet har ei omfattande samling av notar, lydopptak, intervju, bilete, bøker, artiklar og anna knytt til folkemusikk og tradisjonsmusikk i området.

Les meir

Samlinga har rundt 20 000 registreringar, heilt attende frå 1800-talet og fram til i dag. Ta kontakt med arkivar Tom Willy Rustad om du har noko materiale som vi bør ta vare på, om det er noko du kunne tenke deg å undersøke, eller berre for ein god samtale om tradisjonsmusikk.

Følg oss på Snapchat: fmarkiv

Samlingar på nett

Digitalt museum - direktelink til gjenstandar og foto frå folkemusikkarkivet

Arkivportalen - direktelink til arkiv ved folkemusikkarkivet

Kontakt

Folkemusikkarkivet for Nord-Gudbrandsdalen

Folkemusikkarkivet samlar inn og dokumenterer folkemusikk, tradisjonsmusikk og folkedans frå Gudbrandsdalen.

Les meir

I arkivet finn du fleire tusen lydopptak og nedteikna notar som blir nytta aktivt av utøvande musikarar, forskarar og andre interesserte.

Ta gjerne kontakt for ein god samtale. Arkivet er aktiv i innsamling av nytt materiale og samarbeidar med lag, foreiningar og organisasjonar i alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Vi ynskjer å dokumentere og formidle folkemusikk og -dans frå området til alle interesserte.

Følg oss på Snapchat: fmarkiv

Kontakt