Om Jutulheimen bygdamuseum

Jutulheimen Bygdamuseum er eit friluftsmuseum som ligg fritt og høgt til i Prestberget i Vågå med fint utsyn over Vågåmo. Bygdatunet ligg i Kustigholet som er den opphavlege nemninga på plassen. Bakgrunnen for namnet Jutulheimen ligg i at næraste ”naboen” er Jutulen som har inngangen sin inn i berget gjennom Jutulporten. Asbjørnsen og Moe gjorde Jutulporten kjent i heile Noreg gjennom nedskrivinga og publiseringa av den lokale soga om ”Jutulen og Blessomen”. Sidan Jutulen og Jutulporten var grannane til Kustigholet, var det naturleg at bygdamuseet vart heitande Jutulheimen.

I dag er Jutulheimen eit bygdamuseum med 9 verneverdige bygningar som gjev døme på byggjeskikk, eksteriør og interiør på ein storgard frå Vågå i perioden 1700 – 1900. Husa i Jutulheimen kjem frå forskjellige gardar i Vågå og illustrerer i hovudsak korleis det var på ein stor gard bygda i nemnte periode. Det fyrste huset som kom opp var ei tørrstugu som vart sett opp over kommen til Vågåmo Vassverk i 1955. Sidan kom husa opp fortløpande. Det siste huset som vart sett opp var Jutulheimen var ei saltbu som vart sett opp som smie i 1983 – 84. har ei innhaldsrik og variert gjenstandssamling hovudsakleg knytt til jordbruk og daglegliv.

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

ÅPNINGSTIDER:

 

Etter avtale

Sesongen startar 15.juni

 

 

 

OPPLAND FYLKE















Vågå kommune