Jutulheimen - Vågå bygdamuseum

Trollbindande utsikt mellom fortryllande hus i 1700-tals stil.

Velkomen til Jutulheimen - Vågå bygdamuseum

Høgt oppe i Prestberget med utsyn over Vågåmo, ligg friluftsmuseet Jutulheimen. Husa er sett opp som inntunet til ein gamal storgard. Kring tunet står ni hus, mellom anna to stover, ein stall med stalltrev og ei smie. Husa er frå 1600-, 1700- og 1800-talet og kjem frå ulike gardar i Vågå.

Jutulheimen er kalla opp etter næraste ”naboen”, trollet Jutulen, og har aldri vore ein gard. Porten inn til Jutulen ser du i berget like under Jutulheimen. Eventyrsankarane Asbjørnsen og Moe gjorde Jutulporten kjent i heile Noreg då dei skreiv ned eventyret om ”Jutulen og Blessomen”. Våre omvisarar fortell deg gjerne korleis det heile gjekk føre seg.

Om sommaren er det omvisar på tunet som syner deg husa, utstillingane og fortel om Jutulen og andre historier du knapt kan tru er sanne. Haust og vår er det kveldsseto og dugurdstreff eit par gonger i månaden i Jutulheimen. Alle er velkomne til å smake på tradisjonell mat og høyre spanande foredrag.

Utstillingar

Sommarstid er hovedutstillingane flytt ned til Galleri Ullinsvin, der du og finn kunst- og fotogalleri, kafé og historisk urtehage:

  • I glede og sorg - folkemusikkbygda Vågå

Lydløypa om Munch i Vågå endar/startar i Jutulheimen, dei andre lyddusjane er i Ullinsvin, ved Vågå Kyrkja og utanfor Veistadhjørna Kafé i Vågåmo.

Kveldsseto sommaren 2022

22. juniNytt frå arkiv og gjenstandssamlinga til Vågå historielag v/Kristin Akslen Hagen og Eirik Haugen
29. juni
Konsert med Rasmus Kjorstad
6. juli
Fotograf Gunvor Ahlberg – Kjell Løkken presenterer bilde ho har teke frå området. 1960-1980.
13. juli
Hanna Resvoll-Holmsen. Postkort og bilde. Kort ho og mannen har sendt til kvarandre og andre.
20. juli
Arkeologiske utgravingar i Gudbrandsdalen v/ Jakup Skjedsvoll.

Alle kveldsseto startar kl. 19.00
kr. 100, inkl. kaffe og biteti.

Utleige

Bryllaup, dåp, konfirmasjon, firmamøte eller anna sosialt lag? Sundstugu og Øyastugu kan leigas heile året. I Øyastugu er det fullt kjøken med dekketøy til kring 70 personar.

Ta kontakt for utleige eller omvising utanom opningstid.

Utleigeprisar i Jutulheimen

Øyastugu

Øyastugu er ei stor stuggu frå 1700-talet med nyrestaurert kjøken i 1-etasje. Stua er kledd med panel innvendig. Stua står varm heile vinteren, og er eit betre alternativ for vinterleige. Kan dekkes til 30-40 personar.

Merk: Toalett i separat hus. Det er ikkje handicaptoalett. Dersom en leiger eine stua, kan det være uteleige i den andre stua samtidig.

  • Kvardagar i kontortid (9-15), med kjøken: 1000,-
  • Ettermiddag og kveldstid måndag–torsdag: 1500,-
  • Heil dag fredag, laurdag eller søndag, samt øvrige helligdagar: 4000,-
  • Helgeleige (fredag kl. 15 - søndag kveld): 6000,-

Sundstugu

Sundstuggu er ei lafta tømmerstuggu frå 1700-talet. Det er 1-etasje med stue og to rom som blir leigd ut. Stua inneheld langbord med benkar og nokre stolar. Det er utstilt antikvariske gjenstandar i huset. Moglegheit for bruk av peis. Det kan dekkes til 50-60 personar. Merk: I vintermånadane kan stua vere vanskeleg å få varm.

Merk: Toalett i separat hus. Det er ikkje handicaptoalett. Dersom en leiger eine stua, kan det være uteleige i den andre stua samtidig.

  • Kvardager i kontortid (9-15), utan kjøken: 700,-
  • Ettermiddag og kveldstid måndag–torsdag: 1000,-
  • Heil dag fredag, laurdag eller søndag, samt øvrige helligdagar: 2500,-
  • Helgeleige (fredag kl. 15- søndag kveld): 3000,-

Heile Jutulheimen

  • Kvardager i kontortid (9-15), med kjøken: 1500,-
  • Ettermiddag og kveldstid måndag–torsdag: 2500,-
  • Heil dag fredag, laurdag eller søndag, samt øvrige helligdagar: 6000,-
  • Helgeleige (fredag kl. 15- søndag kveld): 8000,-

Samlingar på nett

Digitalt museum - direktelink til gjenstandar frå Jutulheimen

***

Vågå historielag, stifta i 1929, er eigar av Jutulheimen med samlingar. Det heitte opphaveleg Kustigholet der bygdatunet gradvis vart etablert, i 1956 fekk det namnet Jutulheimen, og vart offisielt opna 21. juli 1957. i 2003 vart Musea i Nord-Gudbrandsdalen etablert, frå 2008 fusjonert til regionmuseet Gudbrandsdalsmusea AS.

Opningstider

Etter avtale sommaren 2022

Prisar

Vaksen

65,-

Gruppe (minimum 10)

50,-

Honnør

50,-

Barn under 16 år

Gratis

E-post

folkemusikk@gudbrandsdalsmusea.no

Telefon

900 57 412

Adresse

Jutulheimen Bygdamuseum Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå

GPS

(WGS 84): N 61° 52.461', E 9° 5.144'