Utstilling Jutulheimen Bygdamuseum

Dei faste utstillingane

Jo Visdal - folkets kunstnar    

Jo Visdal vart født i Vågå 2. november 1861 og døydde i Asker 26.desember 1923.Han vaks opp på Nigard Viste i Nordherad saman med 4 syskjen. Han byrja som treskjerar i hembygda si og i 1880 reiste han til Kristiania for å byrje i møbelsnikkerlære. Etter ei tid livnærte han seg av å skjera trefigurar som han selde gjennom Bennets reisebyrå.

Frå 1883 til 1887 gjekk han på Den kongelege Tegneskolen og her møtte han Edvard Munch. I 1886 laga Jo Visdal ei byste av av Munch som da var berre 23 år gamal. Denne bysta vart eit slags gjennombrot for Jo, som medførte eit stipend og eit studieopphald i Paris. Denne bysta Jo Visdal laga av venen sin Edvard Munch vart det laga ein kopi av støypt i bronse. Denne vart avduka 8.juni 2013 i Ullinsvin - Vågå Prestegard - som ligg rett nedanfor Jutulheimen.

Utstillinga er ei basisutstilling med hovudsakleg gipsarbeid som kunstnaren laga. Jo Visdal hadde ein presis og samvetsfull naturalisme som kjenneteikna arbeida hans. Han var mykje brukt som bilethoggar og nokre av dei kjente skulpturane hans er:

 



Byste av Knud Knudsen, Nationalteatret



Byste av Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson, Aulestad



Byste Henrik Ibsen, Skien



Altertavle Fagerborg kirke, Oslo



Byste Arne Garborg, Universitetsbiblioteket.



Potrettrelieff, Kong Haakon7 til nye mynter 1907, 1909, 1910 og 1920.



Nicolai Wergeland, Universitets Aula.



Monument Carsten Anker, Eidsvollsbygningen

 

Jo Gjende

Jo Tjøstolvsson  Kleppe vart fødd på Sygard Kleppe i 1794. Far hans miste livet ved drukning og mor hans døydde medan han berre var guttungen. Som foreldrelause vart syskjenflokken oppdelt og plassert bort hjå andre. Jo kom til Heringstad i Heidal da han var 9 år gamal. Her hadde han det godt og budde der i over 20 år. Jo treivst best i fjellet og vart etter kvart ein stor jeger. Han jakta særleg rein og det er sagt at han skaut meir enn 500 rein. Men Jo var meir enn ein dyktig reinsjeger. Han budde mykje innved Gjende og vart etter kvart berre kalla Jo Gjende. Han var interessert i filosofi og lesestoff av religiøs karakter. Dei som tok turen opp til Gjendeosen møtte eit originalt menneske. Han vart godt kjent med engelskmennene som var på "oppdagarferd" i Jotunheimen. Jo Gjende døydde på garden sin Brurusten 27. februar 1884. Han var jegeren over alle, trå og autoritær. Men han var og ein naturvenn og eit vidsynt menneske. Utstillinga syner utvalde sider av Jo Gjende sitt liv og virke.

 

 

 

 

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

ÅPNINGSTIDER:

 

Etter avtale

Sesongen startar 15.juni

 

 

 

OPPLAND FYLKE















Vågå kommune