Om Kyrkjesamlingar Lom/Ringebu

Stavkyrkjeutstillingane ligg i tilknyting til stavkyrkjene i Lom og Ringebu. Stavkyrkjeutstillingane synar fram historia frå kyrkja blei reist i middelalderen og fram til i dag og belyser ulike tema innanfor bygningskikk, prestens oppgåve i lokalsamfunnet og gravskikk.

Stavkyrkjesenteret i Lom

Senteret er ei permanent utstilling om Lom stavkyrkje si 1000 år gamle historie.

Lom Stavkyrkje i 1000 år
Utstillinga gjev ei levande framstilling av både middelalderliturgien, prestens oppgåver i lokalsamfunnet og gravferdsskikkar. Konstruksjonen og utviklinga av bygninga blir illustrert gjennom bygningsmodellar, tekst og foto.

Originale bygningselement
Dei utstilte originale bygningselementa som mønekammen med kors og dragehovudet er av spesiell interesse. I over 750 år pryda dei taket på stavkyrkja før dei måtte takast ned for konservering og bli erstatta med nye. Nå kan ein beundre dei i stavkyrkjesentreet.

Stavkyrkjeutstillinga i Ringebu prestegard

Stavkyrkjene (i lag med vikingskipa) blir rekna som Noregs viktigaste bidrag til verdenskulturarven. Stavkyrkjene har fått namnet etter dei berande stavane. Bortsett fra Hedared kyrkje i Sverige og Greensted kyrkje i England, er det berre i Noreg denne type midddelalderkyrkje er bevart på opprinnelig stad. Alle stavkyrkjene er automatisk freda etter kulturminneloven. Ei ny stavkyrkjeutstilling, laga av utstillingsformgjevar Lars Nerli, kom på plass i
Ringebu Prestegard sommaren 2008.


Ringebu stavkyrkje - heilagt rom og lokalt rom.
Utstillinga fokuserer på Ringebu stavkyrkje som eit heilagt rom og eit lokalt rom. Ho viser at det lokale kyrkjerommet representerer både noko allment heilagt, er eit uttrykk for ein kristen kulttradisjon gjennom 800 år og noko spesifikt lokalt som berar av ulike avtrykk av det lokale samfunnet slik førestnadene var. Sagt på ein annan måte: Ringebu stavkyrkje er som rom og stad eit bindeledd mellom den universelle kyrkja og den lokale kyrkja, mellom Noreg og det kristne Europa.

Utstillingsrommet vil bestå av pultmontre plassert langs veggane, i alt 8 stk. der vi fortel historier rundt gjenstandar, hovedsakleg funn gjort under dei arkeologiske utgravingane i kyrkja i 1980-81. Gjenstandar som viser ulike sider ved historia til sjølve kyrkjebygninga, bruk og struktur, dåp, skriftemål og nattverd, konfirmasjon, truloving og giftemål, død og gravferd. Tema som gjeld kyrkjegard og gravminne inne i, og utanfor kyrkja, blir og vist.

Bak montrane langs veggane bllir historia til Ringebu stavkyrkje fortalt med fleire hovud- og sideforteljingar, gjennom bilete, teikningar, plansjar og tekst. Desse fortel om Ringebu stavkyrkje si plassering i den store og vesle verda gjennom historia. For eksempel forholdet kyrkje / prestegarden som godseigarar, kyrkja sin status før og etter reformasjonen, forholdet til Hamar/kannikane osb.

Dei fire hovedtema vi vel å vise i utstillinga vil bli;

Det heilage rommet. Livet og rommet. Døden i rommet. Rommet og minna.

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

OPNINGSTIDER LOM

1.6 - 15.6 kl. 9 - 17 alle dager
15.6 - 15.8 kl. 9 - 20 alle dager
16.8 - 30.9 kl 9 - 15 alle dager
6.9 - 30.9 kl. 9 - 17 alle dager
1.10 - 22.12 kl 9-16 ma - fre

OPNINGSTIDER RINGEBU

1. juni - 3 september  kl 10 -17 alle dager.

 

OPPLAND FYLKE
Lom Kommune
Ringebu Kommune