Om Lom Bygdamuseum

Lom Bygdamuseum er eit friluftsmuseum som ligg i grøne omgjevnader i Presthaugen, berre 300 meter frå Fossbergom, sentrum i Lom. 

Presthaugen var tidlegare utmarksområde under Prestegarden, derav namnet. Med opplevingar for heile familien og oppmerka stig gjennom museumsområdet, er bygdamuseet eit godt utgangspunkt for besøk i Lom og turar ut i Breheimen nasjonalpark.

Ved inngangen til museet kan du besøke eit av Noregs største stabbur, Storstabburet frå 1613. Dette var tidlegare kornmagasin på prestegarden i Lom, men inneheld i dag ei permanent utstilling om den særeigne vatnings- og dyrkingskulturen i Lom. I dag består Lom Bygdamuseum av 22 verneverdige bygningar, som gjev døme på byggjeskikk, eksteriør og interiør frå perioden 1613 – 1900. Husa er satt opp i perioden 1944 – 1960 og kjem frå forskjellige gardar i Lom og Vågå. Museet har tre tun, ein storgard, ein husmannsplass og ei seter, i tillegg til ei skolestue frå Galde i Bøverdalen. 

Museet er ope frå medio juni til medio august, elles etter avtale.  I sommarsesongen er mange friviljuge frå lokalsamfunnet med på aktivitetar på museet. ”Onsdagar i Presthaugen” har vorte eit kjent arrangement, og desse dagane syner dei fram tradisjonshandverk som mellom anna kinning av smør, lefsebaking, spinning og trearbeid.

BESØKSINFO

NYTT

UTSTILLING

SAMLING

OM MUSEET

AKTIVITETAR

 

OPNINGSTIDER:

Friluftsmuseet er tilgjengeleg heile året.

 

27. juni - 13. august 2017: 

  • Opne hus og aktivitetar tysdag til sundag kl. 11 - 16. 
  • Gratis aktivitetar kvar onsdag
  • Guida tur kvar dag (unntatt måndag) - spør museumsvert som er til stades for omvising!

 

OPPLAND FYLKE

Lom kommune