Om Opplandsarkivet – avdeling Dombås, Skjåk og Vågå

Opplandsarkivet er privatarkiv for Oppland etablert i 1982, drivi som eit samarbeid mellom Oppland Fylkeskommune, Statsarkivet i Hamar, Høgskolen i Lillehammer, Oppland Historielag og musea i fylket. Nettverket har 13 avdelingar som er lokalisert ved musea i Oppland, deriblant Gudbrandsdalsmusea. Opplandsarkivet si oppgåve er å samle inn, bevare og formidle privatarkiv frå Oppland og frå fylkesdekkande organisasjonar.

 

Opplandsarkivet avdeling Dombås

Opplandsarkivet si avdeling på Dombås arbeider fyrst og framst med innsamling, bevaring og formidling av privatarkiv og foto frå Lesja og Dovre.

Arkivet er lokalisert saman med folkebiblioteket på Dombås, og arkivet og biblioteket har felles lokalsamling med studieplassar, tilgang til PC og leseapparat for mikrofilm/mikrofiche.

Avdelinga har om lag 160 privatarkiv frå ulike bedrifter, lag, foreiningar og privatpersonar. Blant arkiva kan ein nemne m.a. amatørastronomen Sigurd Einbu, og statsråd og stortingsmann Lars Moen.

Arkiv som er ferdig ordna og ikkje er klausulerte kan hentast fram for bruk på studieplassane i opningstida.

I lokalsamlinga er det òg tilgang til å søkje eller bla i fotosamlinga med om lag 10 000 digitaliserte og registrerte lokale foto.

Ved arkivet kan du òg få hjelp til m.a. slektsgransking og å lese gamle dokument med gotisk skrift.

Vi tek gjerne i mot nye arkiv, foto, film og anna.

Opplandsarkivet avdeling Skjåk

Vår avdeling er primært eit lokalarkiv med innsamling og registrering av privatarkiv. Dette er både personarkiv, gardsarkiv, lag og organisasjonar, verksemder og fotografi. Vi kan stå til hjelp med søking etter slekt, historisk materiale og bruk av kjelder og kjeldekritikk. I samarbeid med Skjåk folkebibliotek har vi tilgang til Skjåk studiesenter som ligg i same bygning som oss. Her kan våre brukarar finne det dei måtte trenge av teknisk utstyr, både til eige bruk og for kurs.

Avdelinga i Skjåk har i tillegg til innsamling og formidling av privatarkiv gjennom fleire år arbeidd aktivt for å få bygt opp ei lokal fotosamling. Denne er no på nærare 15 000 bilete. I denne samlinga er det fotografi av nærast profesjonelle fotografar, men og ei større samling av private bilete. Ei gruppe møtest kvar torsdag for å namne og registrere bilete. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom arkivet og Skjåk historielag.

 

Opplandsarkivet avdeling Vågå

Norddalsarkivet har ansvar for innsamling, bevaring og formidling av lokalhistoriske kilder fra Sel, Vågå og Lom kommunar. Arkivet er samlokalisert med Folkebiblioteket i Vågå.

Vi hjelper deg å finne fram lokalhistoriske foto, arkiv og slektshistorisk materiale • Hjelp til å lese gotisk handskrift i eldre kjelder • Tilgang til kopiar/avskrifter av det mest aktuelle kjeldematerialet for slektsgransking • Tilgang til leseapparat for lesing av kyrkjebøker og folketeljingslister • Du kan få utlagt arkivmateriale på lesesalen for gjennomsyn, avskriving eller kopiering, dersom materialet tillet det. Arkivmateriale kan normalt ikkje lånast med heim.

Kjenner du til lokalhistoriske foto, video- og lydbåndopptak, arkiv, enkeltdokument o.l. fra Sel, Vågå og Lom, som du meiner det er verdt å ta vare på? Ikkje nøl med å ta kontakt med arkivet. Vi vil da kunne hjelpe deg med å bevare materialet, og innlemme det i våre samlingar, slik det ikkje går tapt for ettertida.

BESØKSINFO

NYTT

OM OPPLANDSARKIVA

AKTIVITETAR

SAMLINGER

OPNINGSTIDER SKJÅK

Kvar tysdag 08.00-15.30. Arkivaren kan og kontaktast for avtale om andre møtetidspunkt, dersom det skulle vere mest praktisk.

OPNINGSTIDER DOMBÅS

Måndag kl. 14.00 – 18.00

OPNINGSTIDER VÅGÅ

Tysdag kl. 10.00 - 13.00 og kl. 17.00 - 20.00

 

OPPLAND FYLKE
Skjåk Kommune
Vågå Kommune
Dovre Kommune