Barnas dag i Jutulheimen i sommar

Frå og med søndag 3. juli til og med søndag 14. august vil det bli fokus på barn i Jutulheimen. Alle barn under 0 - 15 går gratis inn på museet og kan bruke tilbuda der gratis. Det er lagt opp til ulike aktivitetar, der det vil bli mogleg å leike seg ute, det vil bli eventyrstund med song fleire av søndagane og litt anna både inne og ute. Ta med foreldra, dei kan kose seg med ein kaffikopp medan ungane leiker seg. Kanskje vil foreldra ta ei runde i utstillingane og? Eller delta i leiken?

Velkomne er dykk alle uansett!