Barnas Jutulheimen

Sommaren 2011 vil fokuset på barn i Jutulheimen bli eit satsingsområde. Vi har ulike typer dyr i Jutulheimen du kan kose med og vera med å stelle. Vi har to lam som skal ha mjølk og som gjerne vil ha bsøk inni kvea si. Grisilla som er ein liten svart gris er ein skikkeleg kosegris og ligg gjerne på sida så du får klø ho på magen. Vi har og ei kaninmamma med ungar og ein hønefamilie. Innimellom er det og hest på besøk.

Det er ulike leiker så barn kan aktivisere seg ute med både ball, klubb og cricket for eksempel. På søndagane er det og mogleg med formingsaktivitetar innomhus. I tillegg er det lagt opp til ulike aktivitetar spesielt på søndagane, der det enkelte søndagar er eventyrstund med sang og andre aktivitetar spesielt for ungar, men kanskje like artig for dei vaksne.

Her kan barna boltre seg i mange timar, medan dei vaksne kan ta seg ein kopp kaffe og ei "Jutulvaffel" og slappar av.