Godt nytt år!

Da er det nye året her med nye moglegheiter til aktivitetar og i museumsverda. Renoveringa av husa i Jutulheimen Bygdamuseum fortsett, nå med Sundstugu, der taket i fyrste etasje skal ordnast. For å gjera det må ein gå ned frå andre høgda, ta ut isolasjonen mellom etasjane og leggje nedi ny isolasjon. Ellers blir det kveldsseto i januar i Jutulheimen, Gudbrandsdalsseminaret nærmar seg og ellers andre utfordringar framover våren, blant anna med å få på plass program for sommarsesongen. Det blir arbeidd med å koma ut til skulane i regionen med formidling i ulike tema og ulike arrangement kjem til utover våren. Berre følg med på heimesidene og på facebook.

Vi ynskjer alle dei som gjestar heimesida vår og dei nye som kjem til etterkvart eit godt nytt år!