Funn av rikdomar under bakken og dramatiske skifte under himmelen kan stå som stikkord for Gudbrandsdalsseminaret 2011. Og rikdomane er ikkje berre koparen i Sel og jernet på Lesja som fekk sine verk på 1600-talet, det handlar også om sjeldne funn framkomne under arkeologiske undersøkingar i distriktet vårt dei siste åra. Såkalla gullgubbar er små og sjeldne gullstykke som finst i nokre få langhustufter frå jernalderen.
Bergverka i Gudbrandsdalen vart rettnok ikkje den blomstrande verksemda som styresmaktene drøymde om frå starten. Men rikare førekomstar på Røros og i Folldalen førde på den andre sida med seg gode inntekter for handel med korn og andre varer for gudbrandsdølane.
Fullstendig program kan lastes ned her.