Naturen - eit eventyr... Gro Heitkøtter tok oss med på tankar rundt kva som har skapt eventyr rundt oss, fra varmen i ovnen, der ilden flammar rundt og skaper aske... Til askeladden. Eller alle trolla vi kan sjå i snøfull skog, der trea hengjer toppen ned mot bakken. Ho prata om ei anna side ved naturen enn det vi kanskje ser ved fyrste augekast. Vi fekk nye tankar i hovudet som vi kan grunne på neste gong vi tek ein tur ut i naturen. Ho viste og ein film faren hennar, Olaf Heitkøtter, laga for mange år sidan og der han sjølv les kommentarane til. Det var ein film som omhandla det som skjer rett utanfor kjøkenglasa våre, på fuglebretta, om vinteren i kampen for å overleva den kalde årstida.
Gro Heitkøtter kom og innpå sin eigen vesle eventyrfigur, som gjev ho rom til å fantasere, og som symboliserar mykje for ho. Slik ho skriv det sjølv:
"I snømannen ser eg ungar med tindrande augo og skaparglede i hendene, eg ser det reine og fornybare, eg ser gleda som naturen gjev oss. Når eg ser på snømannen høyrer eg freden i naturen der snøen stille dalar ned og gøymer gras og stein. Eg høyrer vinden når den hvirvlar store snøfnugg i leikande dans. Eg kjenner kalden når snøkrystallane glitrar i sola. Eg høyrer bekkane sildre når sola og varmen forandrar snømannen til vatn..."
Dette seier mykje og oppsummerar kanskje det vi satt att med i etterkant av kveldsseto 17. februar 2011...
Naturen er verkeleg eit eventyr i seg sjølv!