"Opplandsjern" er eit samarbeidsprosjekt mellom Oppland Fylkeskommune, Valdresmusea, Randsfjordmuseene, Mjøsmuseet, Gudbrandsdalsmusea og Kulturhistorisk museum.
Hovedmålet med prosjektet er å skape en nettverksbasert organisasjon som gjer Oppland til det nasjonale jernvinnefylke i Norge. I tillegg vil det kunne bli ein god og forutsigbar referansepart for forsking om jernvinna. Dette skal skje gjennom forsking, formidling, forvaltning og verdiskaping knytt til jernvinna.
Det er eit av måla at dette prosjektet skal vera med og setje fokus på jernvinna generelt, frå malm til ferdig smidde produkt. Frå dei tidlegaste spede forsøk på å vinne fram jern og til dei seinare, kanskje meir industrielle jernvinneanlegga i fylket. Kittilbu/Gausdal Vestfjell vil bli etablert som eit referanseområde for formidling og forskning på tidlig jernframstilling og andre relaterte utmarksnæringar.
Gjennom prosjektet ynskjer ein og å arbeide med kulturminner knytt til jernvinna og smiing i kommunane i fylket. I tillegg er det å kunne heve den generelle kompetansen på jernvinna og formidle kunnskapen ut til turistar, skuler og andre. Meir informasjon om prosjektet finn ein på: http://www.oppland.no/no/Opplandsjern/Om-prosjektet/