Julekonsert med Camilla Granlien

Søndag kveld 19. desember lukta det julekaker og kaffe i Øyastugu. Folk kosa seg rundt borda og venta spent på konserten. Camilla Granlien song så vakkert både kjente julesangar som "Det hev ei rose sprunge" og "Kling no klokka" og litt meir ukjente sangar. Ho har ei klokkeklar stemme som fylte rommet og la att ein dirrande tone i kvar ein som var på besøk denne kvelden. Ho song og "Jeg lagde meg så silde", og kjent som Blessomvisa, eller kanskje meir kjent som Valbjørsvisa. Ho Spela "gullterning" og song ei juleregle med 13 vers mellom anna. Innimellom fortalde ho julehistorier og dei heile vart ei sjeldan fin stund for dei som hadde møtt fram.

Til slutt song Camilla Granlien to versjonar av "Jeg er så glad hver julekveld". Den fyrste var ein ukjent versjon med tone av Guttorm Flisen frå Elverum. Til slutt song alle som var til stades med på den vi kjenner best, med melodi av Peder Knudsen (1819-1863) frå Øvre Bakken i Øygardom i Vågå. Ein kveld med vare og sjeldne folketonar, saman med gamle og kjære julesangar. Etter denne kvelden fekk vi alle med oss noko godt heim!