Juleverkstad i Øyastugu

Søndag 19. desember var det juleverkstad i Øyastugu mellom 10.00 og 16.00. Her laga vi tradisjonelle julekorger, kremmerhus, filtnisser, perlekjeder og julekuler med glitter. Det gjevaste var kanskje likevel å lage sine eigne ljos til jul. Det var slitsomt for små hender å halde på med dette, men med god hjelp kom dei i mål alle saman.

Det var moro å ha ein slik dag i Jutulheimen, der vi kosa oss med gløgg, peparkaker, fyr på peisen og ikkje minst pynting av peparkakehuset! Med god stemning og mange fine resultat attpå dagen ser ein ikkje bort i frå at dette blir gjenteke i 2011!