Kurs i registrering av kulturminne i utmark

Som ei oppfølging av teorikurset i vår, blir det ein praktisk utmarksdag i Randsverk, Vågå, tysdag 14.juni kl. 18.00. Kurset blir gjennomført av prosjektet "Opplandsjern ved arkeolog Ragnar Bjørnstad, OFK, førsteamanuensis Jan Henning Larsen, KHM, og Tom Haraldsen, Mjøsmuseet. Det er ikkje naudsynt å ha gjennomført teorikurset for å vera med. Det er ope for alle som har interesse i kulturminner i utmark. Det vil bli ein del gåing mellom dei ulike kulturminna, det tek ca. 3 timar. Kurset er retta mot å kjenne att synlege kulturminne i utmark og samle inn grunnleggande opplysningar om objektet.

Det vil bli ei samling med oppsummering innandørs til slutt.

Ta med niste, gode sko og klede. OBS! Ta og med eit kompass.

Velkommen!