Fredag 17. desember var Ole Kristian Ødegård, Heidal, på besøk i Jutulheimen og fortalte om Jo Gjende. Her var det og samla 20 interesserte tilhøyrarar. Han viste bilder av ting han Jo har hatt i eige og vi fekk og sjå bilde av Jo. Det var eit interessant foredrag som tok opp litt meir enn berre jaktinga hass Jo, den vart han mest kjent for, men han var meir enn det. Jo var og levande oppteken av filosofi, politikk og han fylgde med i samfunnet sjølv om han var mykje i fjellet.
Ødegård drog og fram den skjebna Jo Gjende fekk. Han vart foreldrelaus tidleg i livet og sidan han sjeldan følte seg godt i lag med andre, var det fjellet og jakta som etterkvart drog mest. Det vart sett på kva som kunne ha vore med å forma Jo til den han vart. Eit spennande perspektiv.
Lite tenkte nok Jo på at han skulle få så mykje merksemd etter sin død og at han skulle bli så interessant for mange i hans ettertid. Han vekkjer fortsatt engasjement, kanskje meir enn før. Nå ser ein han på ein annan måte, ein kar som verkeleg fylgde sine eigne ynskjer, men som kanskje ikkje hadde det så lett alltid...
Ei spennande byrjing på ei rekkje kveldsseto som kjem framover vårparten!