Det har vore mange kveldsseto i Jutulheimen gjennom åra, blant anna arrangert av Vågå Historielag. Dette er noko Gudbrandsdalsmusea ynskjer å vidareføre. Den fyrste kveldsseto kjem allereie før jul, fredag 17. desember kl. 19.00, med Jo Gjende som tema. Han har vore tema i mange samanhenger, men denne gongen blir vinklinga meir på han som person og kva som forma han til den han vart. Inngang denne gongen blir 50 kr.
Framover våren vil det bli ei kveldsseto kvar månad med ulike tema. Fra og med hausten 2011 håpar vi å få på plass at kveldsseto vil vera på ein fast dag i kvar månad og til same tidspunkt kvar gong. Dei fleste kveldsseto vil ha ein pris på 100 kr per person inkludert kaffe/te og biteti. For å sjå kva som skjer ved Jutulheimen til kvar tid er det lurt å sjekke aktivitetskalenderen på våre heimesider, eventuelt inne på Facebook.
Velkomne skal alle vera som ynskjer å kome på ei kveldsseto i Jutulheimen bygdamuseum i Vågå!