Museet
Jutulheimen Bygdamuseum er eit friluftsmuseum med 9 verneverdige bygningar frå perioden 1700 - 1900. Husa gjev døme på byggjeskikk, eksteriør og interiør på ein storgard og viser rammene rundt gardsliv og arbeid i det gamle bondesamfunnet. Jutulheimen har ei innhaldsrik og variert gjenstandssamling knytt til jordbruk og daglegliv. Museet ligg rett ved Jutulporten med god utsikt over Vågå sentrum.
Gjenstandssamlinga
Størstedelen av gjenstandssamlinga i Jutulheimen er stilt
ut. Du kan her sjå ei mangfaldig samling av gjenstandar frå
dagleglivet i Vågå 1700 - 1950.
Jo Visdal
Jo Visdal (1861 - 1923) var frå Nordherad i Vågå. Han byrja som treskjærar i heimbygda si, men i 1880 reiste han til Kristiania for å gå i møbelsnikkarlære. Han ga seg med det og byrja på teikneskule i staden, medan han livnærte seg av å skjera figurar. Der møtte han Edvard Munch og vart ein god ven av han. I 1883 deltok Jo Visdal på Statens Haustutstiling med ei byste i bronse. Han mottok eit stipend nokre år etter som gjorde at han fekk råd til å reise vidare til Paris for fleire studiar. Han har laga mange byster og relieff av folk og fleire minnesmerke over kjende menn rundt om i Noregs land er hogne i stein av Jo Visdal. I Jutulheimen finst det ei samling av arbeid han har gjort, mellom anna ei stor byste av Henrik Ibsen.
Jo Gjendeutstillinga
Fjellkaren Jo Gjende (1794 - 1884) frå Vågå gjorde eit uutsletteleg inntrykk på folk han møtte. Han var jegeren over alle; sterk, seig, ustyrleg og, ikkje minst, eit vidsynt menneske. Utstillinga på museet viser utvalde sider av Jo Gjende sitt liv og virke.