
Lesja Bygdemuseum er både eit friluftsmuseum, moderne
utstillingar og mykje aktivitet. Vi legg vekt på å kombinere
moglegheita til å lære noko og å slappe av med ein kopp
kaffi i ein triveleg atmosfære.
Sjå oversiktskart her
Friluftsmuseet består av 13 hus frå 17- og 1800 talet.
Bygningane representerer det ein kunne vente å finne på en
middels stor gard i Lesja på denne tida. Mange av husa har
intakt og tidstypisk interiør. I sommarsesongen er det dagleg
demonstrasjon av ulike handverksteknikkar og tradisjonell
matlaging. I fleire av husa er det etablert større eller mindre
utstillingar.
Omvising i husa og utstillingane ved bygdemuseet og i Lesja kyrkje er inkludert i inngangsbilletten. Guidane våre vil gjere sitt beste for å tilpasse seg ynskja og interessefelta til dei besøkjande.
Sjå noko av det du kan oppleve på denne filmen om museumsavdelinga: stor(18Mb), medium(10Mb).

Utstillingar
Den nyaste utstillinga vår som heiter Villreinjegerane kjem opna juni 2008. Den viser villreinjakta si utvikling og kva ho har hatt å seie for området dei siste 10 000 åra. Gjennom foto, tekst, film, animasjonar og originale gjenstandar får ein sjå og oppleva kva for samfunn som dreiv fangst. Ikkje minst får ein sjå korleis fangsten i sin tur att påverka samfunnet. Det er lagt stor vekt på deltaking frå publikum - her kan du sjølv ta og føle, prøve og eksperimentere. Denne utstillinga er plassert i kjellaren på servicebygget.
Lesja Bygdemuseum har og fleire utstillingar som tek opp tema frå nær og fjern fortid. Du kan sjå utstillingar om krigshandlingane som fann stad i Lesja i aprildagane 1940, draktskikken i Lesja og helsevesen og sjukdom. I tillegg har vi kvart år ei eller fleire mellombelse utstillingar med ulike tema.
Kafé
Det er to kafear på museet. På museumsområdet har kafeen i Hatremstugu sal av kaffi og nysteikte vaflar kvar tysdag til laurdag i sesongen. I servicebygget ligg Tunstugu. Her får du kjøpt kaffi, kaker og middag kvar dag i opningstida til museet.
Sanitær
Vi har toalett både på museumsområdet og i servicebygget. Det finst toalett for rørslehemma samt stellerom for born.