Otta Bergverkssenter er ikkje eit senter i tradisjonell forstand med ei sjølvstendig verksemd, men ei mindre temautstilling om bergverk og steinindustri i Sel kommune i tidsrommet 1600 - 1900. Utstillinga er samlokalisert med Sel bibliotek i Otta.
Gudbrandsdalsmusea søkjer i tillegg å ta vare på og formidle spora etter bergverkskulturen i Sel. Museet har bl.a. medverka ved etablering av kulturstigen ved Rustgruvene i Otta, og har dei siste åra teke inn og gjort industriarkiv frå Otta tilgjengeleg.
Bergverk og steinindustri i Sel 1600 - 1900
Utstillinga presenterer i tekst, foto og gjenstandar Sel
kommune sin geologi og industri knytt til skiferdrift, koparverk og
klebersteinsdrift i tidsrommet 1600 - 1900.
