Om korpus i edle og uedle metall.

Torsdag 20. januar var det samla ein gjeng interesserte menneske i Jutulheimen. Linda Lind, sølvsmed og kunsthandverkar frå Frøya, i dag busett i Rauland Telemark, prata om historia rundt korpus, om handverket, om tilhøva produsentane har hatt og om korpus i seg sjølv. Det vart ein spennande kveld der ho viste fram og sendte rundt eigenprodusert korpus i sølv som folk fekk ta på og få ei kjensle av med eigne hender. Etter at Lind hadde fortalt det ho i utgangspunktet hadde på hjarta var folk flinke til å stille spørsmål medan dei tok seg ein kaffetår og matbit. I tillegg vart folk så interesserte i å sjå meir korpus av det gamle slaget, så det vart ein liten tur i museet og. I det heile teke ei særs vellukka kveldsseto denne januarkvelden i Jutulheimen!