Om Gudbrandsdalsmusea

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Gudbrandsdalen med desentralisert struktur og mange avdelingar knytt til ulike tema. Museet har såleis ikkje ein lokalitet, men mange. Direktøren held til på Dale-Gudbrands Gard, Hundorp.

Avdelingane har fokus på ulike tema og det er mellom anna spesialutstillingar om jordbruk, bergverk, jakt og fangst, den siste verdskrigen, bruk av fjellet, samt utstillngar knytt til dei unike stavkyrkjene. Kvart år vil det også vera fokus på ulike tema gjennom vekslande tematiske sesongutstillingar.

Friluftsmusea har aktivitetar og arrangement gjennom heile året, her kan ein vera med på aktivitetar. I sommarsesongen er lokale lag og einkeltpersonar for å skape liv og stemning i husa og på museumsområda med på demonstrasjonar, smaksprøver og forteljingar.

I arkiva kan ein få hjelp til å granske slekt, lokalhistorie, høyre folkemusikk, sjå i arkivmateriale og foto frå området.

Museet har bygningsrådgjevar, arkeolog, industriregistrator og annan regional felles-kompetanse for Gudbrandsdalen.

Pilegrimsleden St. Olavsvegen Oslo – Trondheim går gjennom Gudbrandsdalen. Ei pilegrimsvandrig er ei indre og ytre reise gjennom kulturhistorie og landskap, der pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands Gard, Hundorp, er ein naturleg stopp på vegen mot Trondheim, og har ansvar for pilegrimsleden frå Vingrom/Brøttum i sør til Nord-Sel. På Dale-Gudbrands Gard er det pilegrimssenter med herberge, gardsbutikk og utstillingar.

Gudbrandsdalsmusea har fylgjande styrengsdokument, ein strategiplan 2012-2015 som ligg som eit grunndokument, eit strategidokument 2016-2020 som er styrande for denne perioden, årlege tiltakplanar og delplanar som forskingsplan og marknadsplan. Slike dokument saman med budsjettramme er alle vedtekne i styret. I tillegg kjem meir lokale interne planar for avdelingar, prosjekt mm.

Overordna planar for verksemda

Vi har ein frå 2012-2015 som er som eit grunndokument, og ein for 2015-2020 som er meir oppdatert for våre prioriteringar framover. I tillegg har vi nokre delplanar som og er styrehandsama.

Vedtekter Gudbrandsdalsmusea.pdf

Strategiplan 2012-2015. pdf

Strategidokument GM 2016-2020.pdf

Forskingsplan Gudbrandsdalsmusea 2012, vedteken.pdf

Marknadsplan GM 2013-2015.pdf

Vi lagar to slags årsmeldingar, ei som heiter Styreårsmelding jf. Aksjelova, og frå 2013 ein for heile verksemda som heiter Årsrapport, denne er lang og er bygt opp i samsvar med strategiplanen for museet.

Signert årsmelding 2010.pdf

GM styreårsmelding 2011.pdf

Signert styreårsmelding GM 2012..pdf

sginert styreårsmelding GDM 2013.pdf

signert styreårsmelding 2014.pdf

signert styreårsmelding 2015.pdf

Årsrapport GDM 2013.pdf

årsrapport Gudbrandsdalsmusea 2014.pdf

årsrapport Gudbrandsdalsmusea 2015.pdf