Pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen 2010 - internasjonal medieinteresse med sterk marknadsføringseffekt
av Guri Skurdal Tofte
Prosjektleiar for Pilegrimsleia i Oppland, Olger Rønningen, ser attende på ein sommar med mange internasjonale pressemøte langs Pilegrimsleia. Pressefolk frå dominerande medieselskap i Tyskland, Spania og Italia har fått oppleve levande kulturhistorie i vakker Gudbrandsdalsnatur med Pilegrimsleia som vertskap. Møte med natur, kultur og gjestfrie vertskap under vandringane gjennom dalen blir til forteljingar om eit land med sterk kulturell forankring. Medieinteressa er stor! Internasjonal presse elskar det dei ser! Som eit resultat blir vandringane blir nå dokumenterte og spreidde utover Europa gjennom både radio, TV , avis og nettsider.
Eit stort apparat og mange lokale krefter har vore i sving for å gjera dette mogleg. Den 26. og 27. juni gjekk tyske journalistar Pilegrimsleia med Einar Høystad og Knut Kjorstad som lokale guidar. Pressefolka besøkte mellom anna Skaaden gard, passerte Høye bru og vandra vidare til Ringebu Prestegard. I Elstadkleiva fekk dei mat servert frå kokegrop. På Dale-Gudbrands Gard tok dagleg leiar for Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard, Per Gunnar Hagelien, gjestane med på omvising og vandring vidare til Sygard Grytting same dag. Der overnatta dei i ei freda svevnstove frå 1250 eit pilegrimsloft, som fortsatt er i bruk som pilegrimsherberge for vandrarar mellom Oslo og Trondheim. Dagen etter gjekk dei turen til den vakre husmannsplassen Skar, der dei fekkoppleve den vakre panoramautsikta utover Fronsbygdene.
Radio Rai frå Italia var på Pilegrimsvandring gjennom Gudbrandsdalen den 3. til 5. juli med direktesending frå Lillehammer til Dovre og vidare nordover med mål å rekke Olavsdagene i Trondheim og få sjå Olav den Heilag Olav si grav i Nodarosdomen. Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard støtta turen. I Gudbrandsdalen budde pressefolka i Radio Rai på dei historiske plassane Skaaden, Glomstad, Gildesvollen, Sygard Grytting, Varphaugen og Jørundgard.
Den 10. og 11. juli kunne dagleg leiar ved Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard, Per Gunnar Hagelien, ta i mot ein spansk journalist frå den kjende spanske avisa El Mundo. Den spanske journalisten fekk ei innføring i pilegrimssatsinga før han blei teke med på ei omvising i Bærsveinhølen og på teateramfiet ved Gålåvatnet der Peer Gynt-spelet av Henrik Ibsen blir sett opp kvart år. Den spanske journalisten fekk losji og mat på Sygard Grytting.ein praktgard med Pilegrimsloft frå 1300 talet.

Per Gunnar Hagelien var òg vert for fire spanske journalistar, to personar frå ein spansk pilegrimsorganisasjon og ein frå Innovation Norge i Spania. Desse kom frå Hamar i buss til Lillehammer. Etter Lillehammer fekk dei servert lunsj på Skaaden Gard. Dei vandra over den Høge bru på Fåvang til Ringebu stavkyrkje og Ringebu prestegard. Her var Einar Høystad guide. Så vert dei transportert til Dale-Gudbrands Gard der dei fekk omvisning, middag og overnatting.

Tysk presse har besøkt Pilegrimsleia to gonger denne sommaren. I tillegg til det tyske produksjonsselskapet NDR (Nord Deutsche Rundfunk) den 3. til 5. august, fekk Die Zeit oppleve ein smakebit av Gudbrandsdalen den 18. til 19. august. Einar Høystad guida pressefolka over den Høge bru og viste dei mellom anna Ringebu stavkyrkje. På Ringebu Prestegard fekk dei servert lunsj. Her møtte dei Per Gunnar Hagelien og Guri Skurdal Tofte frå Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard, som tok dei med til Bersveinhølen i Frya før middag og overnatting i Pilegrimsherberget Dale-Gudbrands Gard. Med Hagelien som guide vandra dei Pilegrimsleia frå Dale-Gudbrands Gard i Sør-Fron og over Skar til Sødorp i Nord-Fron, ein avstand på tolv kilometer.

Gode attendemeldingar frå utanlandsk presse profilert gjennom artiklar i diverse aviser og media vil få ringvirkingar framover, seier Olger Rønningen. I Itillegg til tysk, spansk og italiensk presse, har Massimo og Nrk filma pilegrimsleia gjennom Gudbrands dalen i juli månad. Dette TV-programmet blir sendt påska 2011. Vidare har NDR (Nord Deutsche Runndkunf) spela inn eit TV-program som blir sendt på tyske nasjonale TV-kanalar i beste sendetid fyrste juledag. I sum betyr dette ein markedsføringseffekt Pilegrimsleia aldri tidlegare har oppnådd. Pilegrimsleia vil neppe nokon gong ha økonomi til å oppnå tilsvarande marnadsføringseffekt gjennom eigne marknadsføringstiltak, seier ein svært tilfreds prosjektleiar for Pilegrimsleia i Oppland, Olger Rønningen.
Foto: Per Gunnar Hagelien