Langvandringa 2010

 Ei oppleving  rikare

av Guri Skurdal Tofte

3 Avsendelse DaleGudbrand 2 1

  Kari, Atla, Elisabeth og Gisela saman med sokneprest i Sør-Fron Magnar Elde framfor Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard. (Foto: Per Gunnar Hagelien)

 

Å vandre langsetter pilegrimsleia er å finne gleda ved det langsame livet...

 

Den lange pilegrimsleia frå Oslo til Nidaros er heile 640 kilometer lang. Leia går gjennom eit mangfaldig og frodig kulturlandskap.  Ein passerer gjennom trange dalar, vidstrakte åkerlandskap med levande jordbruk og kultur, vakre verneverdige kyrkjer, pilegrimsherberge og gardar. Dei nasjonale pilegrimssentra byr nå på  langvandringar langsetter pilegrimsleia for alle interesserte.

Langvandringa gjennom Gudbrandsdalen i 2010

Langvandringa frå Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard til Dovre vart i 2010 leidd av dagleg leiar Per Gunnar Hagelien frå Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard i Sør-Fron. Dette er det fyrste samarbeidsprosjektet for dei fem nystarta nasjonale pilegrimssentra.  Hagelien leidde kvartetten Kari Børrud frå Kongsvinger, Atla Lund frå Oslo, Elisabeth Furst frå Oslo og Gisela Neubacher frå Willich i Tyskland trygt gjennom Gudbrandsdalen. Frå Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard vandra dei vidare nordover med overnattingar på mellomalderloftet på Sygard Grytting, Sulheim grendahus i Sødorp, Kirketeigen på Kvam og Varphaugen på Sjoa før dei fortsette til Jørundgard på Sel. Her  tok dagleg leiar for Pilegrimssenteret på Dovre, Hans-Jacob Dahl,  over og førte dei trygt over Dovrefjell. Dagsetappane gjennom Gudbrandsdalen varierte frå 6,5 kilometer opp til 27 kilometer.  På vegen gjennom sørdalen overnatta vandrarane på Skåden gard i Øyer, Glomstad på Tretten og Gildesvollen i Ringebu.

Trygg vandring

Langvandringa langs Olavsvegen gir deg ei rik oppleving, seier dagleg leiar for Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands gard Per Gunnar Hagelien. Pilegrimssentra gir praktisk hjelp og bidreg med sosialt fellesskap.  Ein vandringsleiar gir deg tryggleik undervegs. For ein sum per dag blir bagasjen transportert og  overnatting  med enkel standard og måltider fastlagt. Kravet er å kunne gå rundt 20 kilometer per dag over fleire dagar. Deltakarane er sjølve ansvarlege for reise og overnatting fram til staden der vandringa startar og frå staden der vandringa sluttar. Eigne forsikringar som reiseforsikring, avbestillingsforsikring og andre personlege forsikringar er vandraren sjølv ansvarleg for.

Vandring er forandring

Biskop Solveig Fiske seier vandring er forandring og det motsatte av stagnasjon. Ei langvandring gir ro og tid til ettertanke. Det er ei reise i og utanfor deg sjølv, seier ho.  Vandringa gjer godt både fysisk og åndeleg. Det enkle livet og  fellesskapet undervegs gjer godt for det moderne menneske.