
Tekst og foto av Guri Skurdal Tofte
Fredag 10. september i 2010 vart Pilegrimssenter Dale-Gudbrands gard i Sør-Fron offisielt opna. Dette senteret vil framover ha ansvaret for strekka mellom Lillehammer i sør og Nord-Sel i nord og er elles eit av fem regionale senter som er etablert langs Pilegrimsleia. I tillegg finn ein pilegrimssenter i Oslo, på Hamar, Gran og Dovre.
Pilegrim for alle
Biskop i Hamar bispedøme, Solveig Fiske, hadde eit sterkt bodskap
til bygdafolk og dei spesielt inviterte. - Ei pilegrimsferd er for
alle slag menneske, seier ho. Pilegrimssentra blir viktige for å
legge til rette pilegrimsaktivitetar i framtida. Dei vil kunne
tilby både korte og lengre turar. Mijøutfordringa er òg ein
sentral del av pilegrimsarbeidet framover, seier ho.
Tradisjonen med å vere pilegrim har dei siste 15-20 åra gradvis vorte vekka til live att, seier biskop Fiske, som er stolt over at Hamar bispedømme har fire av dei fem regionale pilegrimsentra i landet. Ho vigsla kapellet på Dale-Gudbrands gard, eit enkelt og stille rom som ligg i gymbygget på tunet, var med på vandringa opp til Sør-Fron kyrkje og held pilegrimsmesse saman med sokneprest i Sør-Fron, Magnar Elde.
Informasjon og overnatting
Dagleg leiar Per Gunnar Hagelien ynskjer å tilby eit godt tilbud for dei som vandrar gjennom denne regionen. Gjestfridom på Oppland fylkes tusenårsstad er viktig, seier han. Senteret tilbyr nå enkel overnatting og stille rom. Ei svært enkel utstilling på senteret viser tusenårshistoria på staden, ei dramatisk historie i Noregshistoria, med overgangen frå hedensk til kristen tid. Vidare blir sorenskrivartida på garden vist fram. Folkehøgskuleperioden frå 1912 til 1987 blir vist i form av klassebilde frå folkehøgskuletida. Bilda er henta frå den tidlegare Folkehøgskuleutstillinga på DaleGudbrands Gard og er nå vorte digitaliserte og blir vist på touch-screen i Pilegrimsenteret.
Mange gratulasjonar, taler og lykke ynskje under snorklippinga framfor Pilegrimssenteret viser at med stor innsats frå mange aktørar, har Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands gard, vorte realitet.

Dagleg leiar for pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard, Per Gunnar Hagelien, prosjektleiar for pilegrimsleia i Oppland Olger Rønningen, ordførar i Sør-Fron kommune Aksel Eng, biskop i Hamar bispedøme Solveig Fiske og dagleg leiar for Gudbrandsdalsmusea John Olsen, framfor hovudinngangen på Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard under snorklippinga til det nyopna senteret. (Foto: Guri Skurdal Tofte).
Eit innhaldsrikt program
Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard hadde vergudane med seg på festdagen og kunne vise publikum det vakre kulturlandskapet i Sør-Fron på sitt best! Festdagen vart markert med vigsling av kapell på Dale-Gudbrands Gard.
Biskop Solveig Fiske vigsler kapellet på Pilegrimssenteret Dale-Gudbrand Gard 10. september 2010.

Pilegrimsprest Arne Berg leia vandringa til Sør-Fron kyrkje.

Pilegrimsprest Arne Berg leia vandringa til Sør-Fron kyrkje. Han ber ei raud og gul kappe til ære for Heilag Olav. (Foto: Guri Skurdal Tofte).

Den oktagonale steinkyrkja i Sør-Fron frå 1792 tek imot pilegrimar frå heile verda, denne gongen for pilegrimsmesse til ære for Pilegrimssenter Dale-Gudbrands Gard. (Foto: Guri Skurdal Tofte).
Etter vandringa og gudsteneste fortsette festen med kulturprogram. Underhaldning med Fron kulturskule, Camilla Granlien og Ragnhild Brånå gjekk føre seg utandørs i steinsirkelen med Olavshaugen i bakgrunnen.
Eit barnekor frå Fron kulturskule sang to vakre songar om framtida. Ei dansegruppe frå Fron kulturskule dansa til "Ave Maria". Camilla Granlien og Ragnhild Brånå sang både lokale og nasjonale folketoner. Hiistorikar Arnfin Engen avslutta underhaldninga med ei innføring om historia til garden og tok publikum med på ei lita vandring rundt Olavshaugen.

Elev ved musikklina på Vinstra vidaregåande skule, Ragnhild Brånå frå Sør-Fron, sang folketoner. (Foto: Guri Skurdal Tofte).

Camilla Granlien med folketoner frå Gudbrandsdalen. (Foto: Guri Skurdal Tofte)
Laurdag 11. september arrangerte Pilegrimssenteret familiedag. Lokale 4Harar i vikingdrakter stilt med tradisjonelle aktivitetar som å kaste på stikka, kaste hestesko, gå på stilter og tautrekking. Høgtleging frå Snorresagaen om Dale-Gudbrand sitt møte med Olav den Heilage var med! Lågen Bueskytterklubb arrangerte bogeskyting. God lokal mat frå hotellet på garden varma godt ein kald haustdag.

Lågen bueskytterklubb gir god opplæring i bogeskyting. (Foto: Guri Skurdal Tofte).

Tautrekking er moro! (Foto: Guri Skurdal Tofte).

Snorresagaen er levande for ungar i Sør-Fron. (Foto: Guri Skurdal Tofte).
Pilegrimssenteret avslutta feiringa med vandringsdag søndag 12. september. Vandringsleiar Guri Skurdal Tofte vandra med ei gruppe ein dagsmars på 12 kilometer frå DaleGudbrand Gard i Sør-Fron til Sødorp i Nord-Fron. Dei passerte kjente kulturminne i Fron. Sokneprest Magnar Elde viste vandrarane rundt i Sør-Fron kyrkje. Gruppa hadde ein lengre rast og omvising i Svevnstova på Sygard Grytting, som er frå 1250.
Pilegrimar kviler ut framfor Svevnstova på Sygard Grytting. Dette pilegrimsherberget er frå mellomalderen og er fortsatt i drift i dag. (Foto: Guri Skurdal Tofte).
Pilegrimssenter Dale-Gudbrtands Gard ser attende på ei innhaldsrik helg og ser fram til mange gode møte i framtida!