Renovering av tak/golv i Sundstugu

Det har vore eit problem at det har kome ned av isolasjonen mellom høgdene i Sundstugu og nå er arbeidet i gang med å rette opp dette. Det  krev at ein må rydde bort alt som står på golva i andre etasje, ta opp alle golvborda og fjerne den isolasjonen som ligg mellom etasjene. Når det er gjort blir det lagt nedi papp og ny isolasjon, som sikkert vil halde betre enn den gamle. Det er tidkrevjande, men nå er arbeidet i gang. Dei er allereie snart ferdige med fyrste rommet. Nå held dei på å legge på plass att golvet etter at dei har teke ut den gamle isolasjonen og lagt nedi ny.