Skule

Brosjyre skuleopplegg 2016-17 Gudbrandsdalsmusea liten fil.pdf

Barn og ungdom er ei viktig målgruppe for Gudbrandsdalsmusea. Vi har fleire undervisningsopplegg for skuleelevar i alle aldrar. Gudbrandsdalsmusea har mange ulike avdelingar som kan tilby omvising og undervisningsopplegg. Det gjer og at vi kan ha undervisningsopplegg innan mange fag og tema.

Alle tilboda i undervisningsprogrammet er tilpassa kompetansemåla i læreplanverket. Vi tek og  imot klasser i dei faste utstillingane og legg til rette undervisninga etter den enkelte klasse sine ønskjer. Gudbrandsdalsmusea kan og vera til hjelp for skulebarn som arbeider med prosjekt. I tillegg til undervisning på dei ulike lokalitetane, tilbyr vi og å koma ut til skulane med enkelte undervisningsopplegg.

Hugs at vi er her for å hjelpe dykk, så om de ikkje finn det de leiter etter, eller ønskjer opplegg spesielt tilpassa for di klasse, kontakt oss!

For 2017-18 har vi laga ei eige samlebrosjyre som fortel litt om kva vi kan tilby og korleis opplegga kan brukast. Ta gjerne kontakt!