Gudbrandsdalsmusea AS er regionmuseum for Gudbrandsdalen og har 17 avdelingar med 13 fast tilsette. Museet har ein desentralisert struktur deriblant tre friluftsmuseum. Våre to museums-konsulentar/registrator med kontorstad i Lesja har/skal i permisjon, og vi lyser difor ut
Museumskonsulent
100 % engasjement for avd. Lesja og Dovre. Stillinga er ledig frå årsskiftet og ut 2012.
Vi søkjer ein kreativ person med kulturhistorieske fag, fokus på samarbeidsevne og løysingsorientering. Arbeidsoppgåvene er utvikling og drift av Lesja bygdemuseum, Tunstugu og Einbustugu med utstillingar, marknadsføring, formidling, organisering av sommarsesong, guideopplæring, arrangement, kafedrift (under planlegging) og gjenstandsregistrering. Ein må meistre norsk og engelsk munnleg og skriftleg.
Løn etter avtale. Kontakt museumskonsulent Gunhild Høvik Hansen.(tlf.48891299) eller direktør Torveig Dahl (tlf. 92612830/torveig.dahl@gudbrandsdalsmusea.no) - sjå elles våre heimesider <gudbrandsdalsmusea.no> Søknad med cv sendast Gudbrandsdalsmusea, 2647 Sør-Fron innan 20.12.