Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Den mystiske pakka på verdsveven - Kringen 1612–1912–2012

Av Kjell R Voldheim og Torveig Dahl (artikkel frå "Årbok for Gudbrandsdalen 2013")

Innleiing - 1612-1912-2012 - Pakka på verdensveven - Kva var inni pakka - Kvifor pakke? - Sosiale nettverk - Avslutning - Kjelder


Innleiing

Benjamin Ree

Journalist Benjamin Ree in action med stills-kamera på den mystiske pakka etter 1912-jubileet. Foto T. Dahl, Gudbrandsdalsmusea

”Vi har 1.4 mill treff på nettet!!!” – VG-journalist Benjamin Ree stormar ut i gangen der nokre frå utstillingsgjengen sit og har pause, skjorteflaka blafrar og smarttelefonen er heit i handa hans. Vi er på Otta i august 2012, har utstilling i det gamle samfunnshuset og føler verdsveven tett innpå oss.

”Dette er norsk rekord, trur eg,” Benjamin held fram, slurpar i seg litt kaffe og fer attende åt eit videokamera som er fastmontert og fokusert på ei gråpapirpakke i glasmonter. Det står tjukt med folk rundt som prøver å gjette kva som er inni – saman med alle dei som òg er fokuserte på denne mystiske pakka verda over via internett. Det er fredag 24. august, dom fell i Breivik-saka same dag. Vår sak om pakka har fleire treff på nettet enn nokon sak i landet har hatt nokon gong!

Samstundes var det stort telefonpress frå radio/fjernsyn/nettredaksjonar og aviser. Ordførar Dag Erik Pryhn i Sel kommune og Gudbrandsdalsmusea sine to ansvarlege hadde jamnt med telefonar frå alle verdsdelane, særleg stor interesse merka vi frå Norden, Saudi-Arabia, men òg Australia og Marokko. Dei var utruleg pågåande og gav seg ikkje. Ein radiostasjon ringte 39 gonger utan å koma gjennom. – Vi hadde da anna å gjera enn å stå i telefonen heile tida? Innan utstillingsslutt to dagar etter, endte vi på 1.6 millionar treff på nettet. Korleis var dette mogleg?

Denne artikkelen skal ikkje vera om hendingane i 1612. Men som bakteppe har vi ei stutt oppsummering av slaget ved Kringen og litt om korleis ein seinare har brukt hendinga i samtidig kontekst og propaganda, såleis er 1912 og pakka veldig interessant.

26. august 1912 vart det gjennomført ei stor markering ved Kringen. Tidlegare ordførar i Sel, Johan Nygaard, var formann i jubileumskomiteen. Han tok vare på mykje av dokumentasjonen frå feiringa og la det i ei gråpapirpakke som skulle opnast i 2012. I 1931 gav han pakka til Sells Herredstyre. Denne pakka vart gløymt i ca. 50 år, vurdert som søppel og berga. Dei siste 20–30 åra har ho vore trygg i arkivet til Sel kommune.

Innhaldet i pakka synte seg å vera veldig interessant for nokre av oss. Men det stod nok ikkje i samsvar med forventingane til dei 1,6 mill nysgjerrige på nettet! Innhaldet brettar ut eit stort og interessant nettverk av personar som organiserte dette store jubileet, samla inn pengar til ny minnestein og fekk ca. 10 000 menneske til å samlast ved Kringen saman med Kong Haakon og andre notabilitetar i datida.

 

1612 –1912 –2012 – nasjonal symbolkraft?

I august 1612 kom ca. 300 skotske soldatar verva av Gustav II Adolf av Sverige nedover Gudbrandsdalen. Dei skulle gjennom Noreg for å slutte seg til svenske troppar i Älvsborg, ved munningen av Götaelva, i Kalmarkrigen mot kong Christian IV av Danmark-Noreg.

Pakka frå 1912

Slik såg pakka ut frå tidlegare ordførar Johan Nygård snøra att og forsegla til ho vart opna av ordførar Dag Erik Pryhn i 2012. Foto T. Dahl, Gudbrandsdalsmusea

I den bratte lia ved Kringen sør for Otta, hadde ein sjølvbestalta hær av bønder samla seg og lagt planar for angrep langs den smale stigen ovanfor elva. Angrepsstrategien kan vera basert på erfaringar frå årtusen lange tradisjonar i samarbeid om rein- og elgfangst i fjellet. På stutt tid vart over halvparten av skottane drepne og resten, ca 134, tekne til fange. Dei vart førte til Kvam om kvelden 26. august og internerte i ein låve. Dei fleste vart avretta på morgonsida dagen etter, kjeldene seier at 18 vart spara. Avretting av krigsfangar var ikkje ei uvanleg handling den gongen. Det var travle tider for bøndene som skulle i gang med innhaustinga, og dei såg seg vel ikkje råd med å føre fangane til Akershus.

Det er få samtidige kjelder frå slaget, berre to rapportar som statthaldar Enevold Kruse sendte til Kongen 17. september og 3. oktober same år. Hundre år seinare skriv Jonas Rasmus, sokneprest i Norderhov, om slaget ved Kringen i sin Norriges Beskrivelse frå 1715; han bruker slaget ved Kringen som symbol i eit samtidsaktuelt og nasjonalt perspektiv.

Ludvig Holberg omtalar skottetoget i Danmarks Riges Historie i 1733. Han refererer at 2 300 mann marsjerte nedover dalen og vart stoppa av dei norske bøndene: ”Thi den samme hærlighed giver de norske bønder en ambition, som er nyttig for landet udi krigs-tider; Thi såsom de fleeste bilde sig ind at nedstamme fra gammel norsk adel, hvilken meening ikke kand være gandske u-grundet, så have de gemeenligen deeres ære meer kjær end andre bønder, og derfor udi tapperhed intet folk i verden eftergive.”

Vi finn fleire slike koplingar mellom norske bønder, ære og skottetoget - sett i nasjonalt perspektiv. Utover 1800-talet ser vi at slaget i Kringen blir brukt i nasjonsbygginga: 2. februar 1814 stoppa prins Christian Fredrik ved Kringen på sin tur nordover åt Trondheim. Hans misjon for reisa var å skaffe støtte mot Kielfreden slik at Noreg ikkje skulle overførast frå dansk til svensk konge. Han spurte dei frammøtte ”om de, liig Fædrene, vilde vove Liv og Blod for Fædrelandet?”

Vi ser at mange av dei skriftlege kjeldene byggjer på kvarandre i mangel på supplerande originalkjelder. Det er særleg to sekundærkjelder som har betydd mykje, den eine er ei vise, Sinclair-visa, som Edvard Storm skreiv i 1782. Denne har vorte brukt i nasjonal samanheng, men har og hatt stor tyding i Gudbrandsdalen i ettertid, og blir framleis brukt. Visa finst i fleire variantar med til dels store variasjonar.

Den andre, som mange seinare forfattarar bygger på, er Sagn, samlede i Gudbrandsdalen om Slaget ved Kringelen 26de August 1612 av Vågå-presten Hans Peter Schnitler Kragh frå 1838. Her finn vi t.d. for fyrste gong Pillarguri omtala skriftleg - og inspirasjon til mange av dei munnlege segnene som framleis blir fortalde om slaget og skottetoget i dalen.

Framover mot 1905 leita ein i historia for å finne sterke norske symbol. Med det bakteppet tok dei i 1908 initiativ til ei større feiring ved Kringen i 1912. Det er litt uvisst om initiativet kom frå Gudbrandsdalen eller i det norske utvandrarmiljøet i USA.

Kringenfesten 1912

Kringenfesten 26. august 1912. Oberst Angell holder festtalen.

Seinare har skottetoget vorte tona ned som nasjonssymbol i historiefagleg samanheng. I tida etter 2. verdskrigen er det meir som lokale munnlege tradisjonar at Kringen blir omtala og brukt. Særleg Pillarguri vart eit sterkt visuelt symbol. Til jubileet i 1962 hadde ein framleis ei god nasjonal forankring, men ikkje på langt nær så omfattande som tidlegare. Forsvarssjefen med andre prominente gjestar (ingen kongelege) og eit opptog var med på markeringa ved minnestøtta. Da vart skottetoget og bøndene sin innsats kopla opp mot heimefronten, ”gutta på skauen” og lokal motstand mot framand okkupasjonsmakt.

For 2012 vart det bestemt at det ikkje skulle kallast jubileum, men markering. Det vart sett særskilt fokus på fred og forsoning med skotske miljø. Sel kommune stod for hovudprogrammet som gjekk over åtte dagar. Det kom mange tilreisande, m.a. tre sekkepipeorkester, det vart arrangert whisky-seminar, fotballkampar Noreg-Skottland, og Otta fekk besøk av Gudbrandsdalslaget i USA osb. Ein lukkast ikkje med å få nasjonal forankring på line med 1912 eller 1962, men fekk eit fokus via sosiale media som ingen hadde sett maken til før.

 

Pakka på verdsveven

For 400-årsmarkeringa var tida komen for å sjå kva pakka frå 1912 inneheldt. VG-journalist Benjamin Ree i hovudstaden vart merksam på denne saka vinteren 2011/2012 og førebudde dekkinga grundig. Han laga ein filmsnutt som var lagt ut på VG-Nett der han dramatiserte at pakka vart laga.

Han kontakta tidleg på vinteren ordførar Dag Erik Pryhn. Han kom åt Otta om kvelden måndag 20. august og ville fylgje pakka og hendingane under markeringane 18.–26. august. Han installerte seg med kamera, starta intervjuing av dei involverte, gjekk ut i Otta sentrum og intervjua lokalbefolkninga og la alt ut på nettet. Dette held han fram med under heile utstillingsperioden. Det vart laga eigne innslag på engelsk, som vart selt til engelskspråklege land.

Utstilling av innhaldet i pakka

Etter at pakka var opna, vart innhaldet lagt i ein eige monter i utstillinga i 2 dagar. Det var stor interesse for å sjå på breva. Foto T. Dahl, Gudbrandsdalsmusea

Pakka var stilt ut i ein monter som del av den store utstillinga om 1612. Publikum synte stor interesse. Alt eit par dagar før den 24. da pakka skulle opnast, hadde mange norske aviser og nettfora meldt seg på, og frå heile verda fekk vi spørsmål om intervju. Artikkelforfattarane var hovudansvarlege for utstillinga og fekk det faglege ansvaret for å opne pakka. Det siste døgnet hadde Ree montert fast kamera som sendte kontinuerleg direkte på internett frå pakka som låg i monteren. Kva var det i pakka? Fantasifulle forslag som oljeaksjar og liknande vart nemnde i blogging og andre nettkommentarar.

Pakka vart opna på scena under ein stor festkveld. 900 personar med prinsesse Astrid, politimeister, fylkesordførar og ordførarar var til stades i salen. Ordføraren klypte over hyssingen rundt pakka. Det vart brukt kvite vantar og syrefritt materiale for skånsam handtering av innhaldet. Publikum fekk sjå på medan ein plukka fram det som var inni. Kulturkvelden og opninga var direktesendt av fleire medieselskap. Folk over heile verda sat ved data/TV-skjermane og fylgde spente med.

Reaksjonane på innhaldet var svært ulike. Nokre hadde store forventningar. Etter kvart som bunkar med papir vart pakka ut, vart mange skuffa; det skulle vera noko som komande slekter ville ha nytte av! Men frå fagleg hald og ut frå påskrifta på pakka var nok innhaldet som forventa. Etter festkvelden vart innhaldet lagt attende i monteren i utstillinga. Dei to neste dagane sto det tett med folk rundt for å sjå på dokumenta.

Trafikken på nettet hadde totalt 1,6 millionar treff desse dagane. Det er ei usedvanleg dekking av ei lokal hending om ei gråpapirpakke. Sjeldan har så mange sett ein kulturkveld på Otta direkte som den fredagskvelden.

Årsakene til den enorme pressedekninga kan vera mange, men er kanskje fyrst og fremst eit døme på makta som ligg i moderne framstilling i nyheiter – kombinert med eit undringsbehov i menneske som kan vekkast – etter det gåtefulle i det enkle. Men det tidlegare så dominante nasjonale perspektivet var heilt borte denne gongen.

 

Kva var inni pakka?

Materiale frå pakka

Pakka gøymde materiale av mange slag - mellom anna Hundreaarsminde for sælvstændighetsreisningen i 1814 skrive av Halvdan Koht.

Etterpå har museet registrert og ordna innhaldet i pakka. Materialet var godt pakka og forsegla med fleire omslag og var i god stand, nokre få stiftar og binders vart fjerna. Utanom papira var det silkesløyfer frå ein krans og eit brev som kong Haakon hadde med seg til avdukinga av det nye minnesmerket. På foto frå Kringen 1912 kan vi sjå kransen ved sida av kongen der han står og held tala si.

Materialet vart sortert og delt inn i kategoriar etter norsk standard. Det var for det meste saksarkiv med korrespondanse, rekneskap og nokre protokollar eller møtebøker frå komitearbeidet før, under og etter 1912. Det var mange brev og ca 30 telegram. Rekneskapen er for det meste bilag og rekneskapsoversyn.

Ein protokoll er frå innsamlingsaksjonen blant utvandra dølar i USA og har ca 250 namn og oversyn over kor mykje kvar enkelt gav. I tillegg er det tre maskinskrivne ark med 137 namn, møtebøker frå jubileumskomiteen og innsamlingskomiteen, eit par songar, dikt og menyen for festmiddagen om kvelden 26. august. Dei fleste breva låg i konvoluttar og mange av desse kan ha ein unik kombinasjon av frimerke og stempel og er difor klausulerte og arkiverte for seg.

Sel kommune er eigar av arkivet. Alt er registrert i Gudbrandsdalsmusea avd. Opplandsarkivet, Vågå og er tilgjengeleg der. Det er laga ei nettutstilling for å gje fleire høve til å sjå på innhaldet, www.gudbrandsdalsmusea.no/utstilling/kringen1912.

 

Kvifor pakke?

Ein kan undre seg over kvifor Nygård laga denne pakka. Inni låg eit fylgjeskriv der han har begrunna det noko. Ein ser lite til nasjonale vyar i hans perspektiv frå 1931. I ettertid kan det virke som om det var ei slags rettferdiggjering av jubileumsprosjektet (arrangement og minnestein). Vi kjenner til at det var vanskeleg å få endane i hop etterpå, det var brukt meir pengar enn ein hadde samla inn, t.d. måtte Kristen Holbø vente i to år før han fekk oppgjer for arbeidet sitt. Rekneskapen vart omsider avslutta i 1914. Dette fekk omtale i avisa, slik at alle skulle sjå at det var avslutta, avisutklippet låg i pakka.

Nygård samla saman det han hadde i eit gråpapir, batt godt rundt med hyssing, sette på raudt segl på to stader, skreiv på med blyant ”Kringenstøtten og Kringenfesten 26de august 1912. Kan aabnes aar 2012, Joh Nygaard” og leverte til ordførar i Sel på eit herredstyremøte i 1931. Påskrifta om at dette skulle koma framtidige generasjonar til nytte, vart vanskeleg å forstå i 2012, og gav grobotn for mykje gjetting.

 

Sosiale nettverk blir bretta ut

Jubileumskomiteen var sett saman av fleire markante personar, i hovudsak frå eit ressurssterkt og veksande borgarskap i dalen. Gjennom korrespondanse og møteprotokollar kan ein lesa om sterke menn med ambisjonar for dølane – og friske ordskifte seg i mellom. Her var ikkje folk som elles var samde om aktuelle samfunnssaker, heller tvert om. Men dei var samde om behovet for eit stort jubileum for Kringen. Her presenterer vi eit par av dei mest markante personane:

Johan Nygaard var fødd på Selsverket 27. november 1846, og hadde teke namnet etter bruket Nygård som far hans hadde kjøpt i 1861. Han gjekk ut frå Asker seminar i 1866. Etter ei tid som lærar i Vågå, kom han til Sel som lærar og klokkar. Han var svært engasjert på venstresida i politikken og ivra for at Sel skulle bli eige kommune. Da dette vart ein realitet frå 1. januar 1908, vart Nygaard den fyrste ordføraren. Det virka heilt naturleg at han engasjerte seg i 300-årsfeiringa av slaget i Kringen som ledd i arbeidet for ei styrking av nasjonalt sjølvstende og ei framheving av lokale tilhøve. Han var formann i jubileumskomiteen og hadde eit stort nettverk i dalen.

I korrespondansen ser ein at koplinga med dei norske immigrantane i USA var viktig i mobiliseringa og innsamlinga. Utflytta dølar i USA hadde heilt sidan 1908 samla inn pengar til eit nytt monument. Det gamle frå 1826/1827 var ikkje staseleg nok for samtida, hadde ikkje lenger nok symbolkraft.

Fleire kjende kunstnarar vart spurte om dei ville utforme og lage eit nytt. Men det var vanskeleg å få nokon til å ta jobben. Kristen Holbø vart tidleg med i jubileumskomiteen. Han var sjølv kunstmålar, hadde vist at han også kunne hogge i stein og fekk oppdraget. Han måtte difor trekkje seg frå komiteen, men fekk likevel mykje å seie for gjennomføringa av jubileet.

Oppfordring til minnemarkering

Inne i pakka fann vi interessant materiale frå 1912.

Johan Bertrand Narvesen, bokhandlar og busett i stasjonsbyen Vålebru i Ringebu, var med frå starten. Han var ein viktig person i arbeidet. Han hadde lang fartstid som reisande postekspeditør i Kristiania-regionen og hadde etablert eige kioskkompani i 1894. Komiteen la ut lister i bokhandlar i Kristiania for innsamling til den nye Kringen-støtta, mykje basert på Narvesen sitt nettverk. Det var han som førte kong Haakon VII til bords ved festmiddagen om kvelden den 26. august.

Kaptein i generalstaben, Aasmund Horne, heldt ei foredragsrekkje til inntekt for jubileet. Det var mykje debatt om kven som skulle inviterast. 2. august skriv han åt Nygaard, unnskylder seg for ”aa blande seg inn”, men skjønar ikkje kvifor brigadesjefen ikkje er invitert. Han ber komiteen ”snarest indbudt Hr. gen. major Bull og hans stabschef kaptein G. Schnitler. En general maa jo ha en av sin stab med seg, og da passer jo stabschefen bedst”.

Kapteinen skriv til Nygaard 1. august 1914 der han takkar for tilsendt beløp på kr 15. Han er svært uroleg for krigen som herjar ute i Europa og manar gudbrandsdølane til å verne om sine verdiar. ”De nærmeste dagene vil aabenbare merkelige ting, større og rædselsfuldere end kanskje verden hidtil har set”... ”Hvad siger naa socialister og fredsvenner? Aa. vi har mange snyltere paa vårt oprigtige sunde og kraftige folkelynne, – som uhindret og ustraffet har faat lov til at bre sig.”

I pakka fins fleire brev frå den fargerike oberst og regimentsjef Henrik Angell. Det var utlyst ei skrivetevling som han vann med boka Skotteferdi – eit 300-aars minne. Han skreiv boka på ”landsmål” og ”dansk-norsk” som han kalla det. I denne samanhangen skreiv han til Nygaard den 8. august og etterlyser eit bilete av den nye støtta som han ville bruke i boka. Han sluttar med ”…og ikkje trur eg at det vært skrive fleire bøker um ”Skotteferdi” etter 1912”. Her tok nok Angell feil. Han peikar elles på at han ikkje skjønar kvifor 12. kompani ikkje er bedne. ”Dette er kompaniet tilhørande distriktet, og dei ”lyt” kome”, seier han, og det var best om ikkje 11. kompani kom ”det kan berre setja ilt blod mellom bygdom”.

Angell skriv eit interessant brev til Narvesen frå Otta Hotel om kvelden 26. august ”…No sit eg og tregar paa, at ikkje landsens statsminister fekk telegrammet til tyding, saa hadde me havt tvo maalmenn, tvo riks.menn – og kongen til uppmann! Det hadde vore verdig 26. august – ein kampens dag. Riksm.mennene skal ikkje vere dei siste som ler! Beste helsing fruva! Heil og sæl! H. Angell”. Her ser vi korleis Angell brukar jubileet i den aktuelle målstriden.

Av lokale aktørar i arbeidet kan nemnast komponist og militærmusikar frå Dovre, Ole Hjellemo, som komponerte musikk til markeringa og distriktslegen på Otta, Reidar Müller. Han fekk oppdraget med å leie festkvelden. Fleire kvinner, mange av konene til initiativtakarane, var med i festkomiteen og fekk stor ære for det, men elles finn vi få kvinner i dokumenta. Lite peikar såleis fram mot allmenn stemmerett og likestilling i komitearbeidet.

Markeringa var ei formidabel oppgåve, og gjennomføringa baud på store utfordringar med konge, statsminister, stortingsrepresentantar og militære sjefar til stades. Folk kom frå langt unna for å vera med. Eit spesialtog tidleg på dagen hadde 1140 passasjerar med seg nordover til Otta! Det er nemnt at det kunne vera så mange som 10 000 frammøtte. Sal av billettar til folkefesten slo feil grunna den store mengda med frammøtte, systemet braut saman. Ein stor del av inntekta fall såleis bort. Dette resulterte i underskot.

 

Avslutning

Med ei slik dokumentsamling frå eit stort jubileum, la komiteformann i 1912 ei gavepakke i nevan på ordføraren i Sel i 2012. Det var ikkje ei pakke med oljeaksjer eller annan materiell rikdom, men eit handslag frå ei ikkje så fjern fortid med andre impulsar i samtida.

Kringen vil for alltid vera eit markant symbol i landskapet for oss dølane og for mange andre som passerer staden. Symbolkrafta er framleis stor. Ordet skottelåven vil få oss til å grøsse og tenkje på krigsfangar. Foreldre med ungar som passerer i bil vil peike og seia at her låg låven før jernbana kom, der gjekk vegen i 1612, der sto Pillarguri, der låg bøndene i bakhald og slo skottane. Historiene vil vekse og endre seg over tid, slik det har vore i 400 år.

Vi har med denne artikkelen prøvd å danne eit skjelett for jubileet i 1912, basert på verkelege og sagnomsuste hendingar 300 år tidlegare, prøvd sett i ein lokal og nasjonal kontekst.

Innhaldet i pakka har vist oss at mykje har endra seg. I vår tid har vi ikkje behov for å kople hendingar i historia inn i samtidige nasjonale saker på same måten som vi har sett tidlegare. Likevel er det enorm interesse med dei 10 000 frammøtte i 1912 og dei 1,6 millionar treff på nett-tv i 2012.

Materiale til ny pakke

Materiale til ei ny pakke for 2112 vart levert til ordførar Dag Erik Pryhn av Kjell Voldheim og Knut Arild Teigum frå utstillingskomiteen. Foto T. Dahl, Gudbrandsdalsmusea

Det er lagt ned ei ny pakke for 2112 av ordførar Dag Erik Pryhn, vårt handslag inn i framtida. I 2112 er det 500 år sidan skottane gjekk nedover Gudbrandsdalen langs smale stigar og møtte nokre dølar i eit slag som vi etter 400 år finn vanskeleg å forstå, truleg enda vanskelegare i 2112.

Men dei kan ha litt glede av å sjå korleis ein i 1912 og i 2012 har vurdert skottetoget. Kvar generasjon har skrive om denne historia ut i frå ulike behov. Den munnlege tradisjonen veks og endrar seg uavhengig av kva som står skrivi i faglitterturen, det er ein del av vår rike folketradisjon.

 

Kjelder

  • Angell, Oberst H: Skottetoget, et 400-års Minde, 26. august 1612 – 26. august 2012, 1. utg. Kristiania 1912.
  • Austlid, Andreas: Sinklarsoga, Dølaringen 1962
  • Beveridge, John: The Scottish Expedition in Norway 1612, Proceedings of the Society of Antiqaries of Scotland, Vol. LXVII s. 209–223, 1933
  • Biografisk leksikon
  • Bondevik, Kjell: Studiar i norsk segnhistorie, Aschehoug & Co, 1948
  • Engen, Arnfinn og Kaas, Gunnar: Bygdabok for Dovre, bd. I–II, 2003– 2004
  • Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja, bd. I–III, Lesja kommune 1987
  • Kleiven, Ivar: Frå Skotteåre, Lillehammer 1981 (2.utg.)
  • Kleiven, Ivar: Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen (Lom og Skjåk, 1915, Lesja og Dovre, 1923, Ringebu, 1928, Fronsbygdin, 1930) Kristiania.
  • Kleiven, Ivar: I gamle Daagaa, Oslo 1907, 1944
  • Kragh, Hans Peter Schnitler: Sagn, samlede i Gudbrandadalen om Slaget ved Kringelen 26de August 1612, Christiania 1838.
  • Lonbakken, Sjur AF: Slaget ved Kringen - Gudbrandsdalen 1612, masteroppgave, mars 2012, redigert utgave
  • Michell, Thomas, CB: Den skotske ekspedisjonen til Norge i 1612, Edinburgh 1886, norsk omsettig v/Tone Formo, utg. Jon Selfors, 1997, Rasch-Engh, Rolf: Herr Sinclair dro over salten hav, Libretto forlag 1992
  • Norske Rigsregistranter
  • Pryser, Tore, foredrag på Høgskolen i Lillehammer 21. november 2012
  • Rasch-Engh, Rolf: Skottetoget 1612, Vertshuset Sinclair, hefte
  • Rudin, S.: Kringenslaget og segna som velta. Årbok for Gudbrandsdalen, s. 39 1953
  • Teigum, Ivar: ”Ei nogen levende sjel kom hjem”, fakta og fantasi om skotteferda i 1612, Syn og segn s 482–490, 1978
  • Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel bd. 1–2, s 62–63, 2004
  • Øvrelid, Ragnar: Skottetoget 1612, Gudbrandsdal Krigsminnesamling, Årsskrift 1997
  • www.kringen1612.no– eige stor nettutstilling i regi av markeringa 2012, redaktør Geir Neverdal
  • www.lokalhistoriewiki.no (Norsk Lokalhistorisk Institutt)
  • www.maihaugen.no/Opplandsarkivet/Seminarer/Gudbrandsdalsseminaret-2012/ Opplandsarkivet, Maihaugen, foredrag frå Gudbrandsdalsseminaret 2012 m. foredrag av Øistein Rian og Sjur Lonbakken.
  • www.vigerust.net/jord/gudbrandsdalen1612_kringen.html, Rapportane frå 1612 datert 17. september og 3. oktober
  • www.vigerust.net/jord/gudbrandsdalen1612 Landskatten av Gudbrandsdalen 1612
  • www.wikipedia.org
  • www.wikipedia.se
  • www.wikipedia.commons