Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Brev / korrespondanse i pakka

I pakka var det i omlag 70 brev eller postkort, dei aller fleste av desse var til komitéen ved Johan Nygaard.


Det er ei lang rekke med brev frå Kristen Holbø som hadde hovudansvaret for minnestøtta. Dei fyrste gjeld arbeidet med og rundt støtta, både i forkant og etter avdukinga. Dei seinare breva frå Holbø syner meir og meir misnøye med manglande oppgjer for arbeidet med støtta. Det synte seg at festen gjekk med eit betydeleg underskot som vart dekt av midler som var samla inn til støtta. Dette sette Holbø i ein vanskeleg økonomisk situasjon.


Oberst Henrik Angell vann skrivetevlinga som var utlyst med boka "Skotteferdi - eit 300-aars minne". I den samanhangen etterlyser han bilete av støtta til bruk i boka. Om kvelden 26. august etter feiringa skriv han eit interessant brev der han brukar jubileet i den aktuelle målstriden.


Frå komponist og militærmusikar Ole Hjellemo har vi brev som gjev eit inntrykk av at musikken som var skrive til jubileet vart lite verdsatt av komitéen og gudbrandsdølene generelt. Elles er det òg her dei økonomiske tilhøva ved arrangementet som blir trekt frem.

 

Elles finn vi brev frå Friesenberg om eiga medalje til jubiléet, notater ang. skrivetevlinga, innspel til festen, takkeskriv frå generalmajor Bull med stabschef, og ymse andre skriv. Til slutt finn ein óg følgeskrivet til herredstyret da pakka vart overlevert av Johan Nygaard i 1931.