Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Festen og rekneskapen i ettertid

Meny

Til sjølve festen var det fire rettars middag med kaffe attpå. Det var oksehalesuppe til forrett, deretter fjellaure og kylling (som nok var adskillig meir eksklusivt for 100 år sidan enn i dag) og til slutt molter som dessert. Det vart inngått avtale med hotelleigar Jarmann som leverte for sjølve festmiddagen, men drikkevarene til festen var unnateke denne avtale, og rekningane syner at dei vart levert frå Thor Bergseng på Lillehammer.

Det vart og ordna med eit omfattande fyrverkeri, og ein eigen person, stykjunker K. Hellum, kom eins ærend frå Oslo for å ta seg av fyrverkeriet.

Mellom dokumenta finn ein òg to songar, "Pillar-Guris Minde" og "Gudbrandsdalen". Både festmiddag, avduking og opptog var på førehand godt annonsert i Gudbrandsdølen.

 

Rekning

Rekneskapen

Folkefesten var ein stor suksess og det er nemnt at det kunne vera så mange som 10000 frammøtte. Men billettsystemet braut saman på grunn av den store mengda, og rekneskapen for heile arrangementet syner at festmiddagen og sjølve festen gav eit underskot som vart dekt av dei midla som var innsamla til støtta. Mellom anna Holbø vart skadelidande og fekk ikkje det oppgjeret som var forventa (sjå meir om dette i brev frå Holbø). Som ei følgje av dette tok det omlag to år før den endelege rekneskapen låg føre.

Saman med rekneskapen var det òg ein del bilag i pakka. Her finn ein mellom anna rekningar for opphald for brigademusikken og Ole Hjellemo, og innkjøp av materialer, truleg til kongetribune.