Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
Uåpnet pakke.


Pakka vart lagd i samband med Kringenfesten i 1912 og levert til Sells Herredstyre nokre år seinare av Johan Nygaard. I lange periodar var pakka gløymt og forlagt, og har truleg vore nær ved å ende som søppel, men dei siste 20-30 åra var ho vore trygg i arkivet til Sel kommune. Påskrifta "Kan aabnes aar 2012" vart respektert i alle år.

Det var mykje spekulasjon rundt innhaldet i pakka, og difor stor spenning og mediemerksemd knytt til opninga av pakka under Kringenfesten på Otta 24. august 2012. Kanskje ikkje heilt uventa viste pakka seg å innehalde dokumentasjon frå markeringa i 1912, mellom anna brev, rekneskap, møtebøker og lister over innsamling til ny støtte.

Ein del av materialet blir presentert i nettutstilinga. Arkivet er ved Gudbrandsdalsmusea si avd. av Opplandsarkivet i Vågå.