Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Kongebesøk og sjølvstende

Kongen med krans Sløyfer frå kransen frå Kong Haakon 7

I tida kring 1905 og framover leita ein etter sterke symbol på norsk sjølvstende. Med dette som bakgrunn var markeringa i 1912 ei stor nasjonal markering/feiring med mange prominente gjestar med Kong Haakon 7 i spissen. Kongen la mellom anna ned krans ved støtta i Kringen. På bilete frå feiringa kan ein sjå kransen med sløyfene som var lagt inn i pakka frå 1912.


Kont: Hundreaarsminde

Sjølvstende

I pakka var det lagt inn fleire eksemplar av "Hundreaarsminde for selvstændighetsreisningen". Dette er eit lite hefte skrive av Halvdan Koht som var utgjeve i samband med 100-årsmarkeringa av sjøvstendeforkynninga 25. februar 1814. Heftet var utgjeve av Kirke- og undervisningsdepartementet til bruk i barneskulen.

Heftet er ikkje direkte knytt til Kringen og markeringa der, da det er utgjeve over eit år seinare, men er likevel interessant å ta med her som ein illustrasjon frå stemninga på den tida. Ein kan òg leggje merke til at heftet er tospråkleg - med parallell tekst på riksmål og landsmål.