Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Pakka som mediehending på verdsveven

Benjamin Ree gjer alt klart for å vise pakka på verdsveven.

Benjamin Ree gjer alt klart for å vise pakka på verdsveven.

Under 400-årsmarkeringa i 2012 var tida komen for å sjå kva pakka inneheldt. At den ”mystiske” pakka frå 1912 skulle opnast, fekk stor merksemd i pressa. Journalist Benjamin Ree vart merksam på denne saka vinteren 2011/12 og det vart laga ein liten filmsnutt som vart lagt på VgTV, der han framstilte noko av hendingane.

Han kom åt Otta og fylgde pakka og hendingane under markeringane 18.-28. august. Om kvelden måndag 20. aug. installerte hans seg med kamera, starta intervjua med dei involverte i markeringane, gjekk ut i Otta sentrum og gjorde gode intervju med lokalbefolkninga. Dette held han fram med under heile utstillingsperioden. Det vart òg laga eigne innslag med engelsk som vart selt åt media i engelskspråklege land.

1,4 millionar treff på nettet

Alt eit par dagar før opninga hadde dei fleste store media oppslag på nett og papir, verda over. Mange norske aviser og nettfora melde seg på, og frå heile verda fekk vi spørsmål om intervju.

Pakka var utstilt i monter i den store utstillinga om 1612 – og publikum synte stor interesse for pakka. Det siste døgnet hadde Ree montert kamera som sende kontinuerleg direkte frå pakka som låg i monteren. I tida før pakka vart opna kunne han melde at dei hadde over 1,4 mill treff på nettet, - noko som visstnok var norsk rekord.