Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Sentrale personar ved markeringa av jubiléet i 1912

Johan Nygaard Kristen Holbø Henrik Angell Johan Bertrand Narvesen Ole Hjellemo Lars Thorkveen Anders Stokkeland

Ovanfrå frå venstre og nedover: Johan Nygaard, Kristen Holbø, Henrik Angell, Johan Bertrand Narvesen, Ole Hjellemo, Lars Thorkveen og Anders Stokkeland.

Jubileumskomiteen var sett saman av markante personar, hovudsakleg frå eit ressurssterkt borgarskap i dalen. Sjølv om desse hadde ulike syn i mange saker var dei samde om behovet for eit stort jubileum som 300-års markering av slaget i Kringen.

Formann i komitéen var Johan Nygaard frå Selsverket. Han var fyrste ordføraren i Sel etter at det vart eige herred frå 1908.

Kunstmålaren Kristen Holbø var med i komitéen frå starten, men måtte seinare trekke seg da han fekk oppdraget med den nye støtta i Kringen.

Johan Bertrand Narvesen som budde i Ringebu hadde eit stort kontaktnett gjennom kioskkompaniet og var ein viktig person i arbeidet.

Oberst Henrik Angell hadde mykje kontakt med komitéen, og vann ei skrivetevling som var utlyst med boka "Skotteferdi - eit 300-aars minne".

Komponist og militærmusikar Ole Hjellemo frå Dovre komponerte musikk til jubileumsmarkeringa.

Anders Stokkeland var styrar for den ambulerande amtsskulen i Gudbrandsdalen og hadde eit svært stort kontaktnett i dalen, og var ansvarleg for å organisere jubileumsopptoget til Kringen.

Pastor Lars Thorkveen var leiar i Gudbrandsdalslaget i Amerika, og sentral i arbeidet med innsamling av penger til ny støtte blant utflytte gudbrandsdøler.