Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Postkort, konvoluttar og frimerke

Postkort og konvoluttar

Dei fleste breva i pakka låg i konvolutter, og mange av desse kan ha ein unik kombinasjon av frimerke og stempel, og er difor arkiverte for seg. Det samme gjeld òg ein del postkort, både innanlandske og frå Amerika.

Konvoluttane frå bedrifter eller foreininger, og av og til òg frå private, har ofte store flotte logoar eller stempel.

Biletserien her syner ein utval frå konvoluttane og postkorta som var med i pakka.