Heading, Gudbrandsdalsmusea
Pakka frå Kringenjubiléet i 1912
 

Ny støtte til Kringenjubiléet i 1912

Støtta, dokumenter Utkast til støtta Innsamling i Amerika Kontrakt på kleber til støtta Oppfordring til bidrag Regninger Lokale bidrag

Til jubiléet i 1912 vart det reist ny minnestøtte i Kringen. Mykje av arbeidet og kostnadane knytt til denne finn ein dokumentert i innhaldet i pakka.

Allereie i 1908 vart det organisert innsamling til ny støtta blant utvandra gudbrandsdølar i Amerika. Denne fyrste innsamlinga ga 200 dollar (ca. 750 kr) som vart sendt over til Sel Herredstyre i februar 1909. Ved ei seinare innsamling i Amerika som var organisert av pastor Thorkveen kom det inn 128,5 dollar (ca. 475 kr).

Fyrst i oktober 1910 er det oppfordring til å kome med lokale bidrag i Gudbrandsdalen, og det er da kontaktpersonar i alle herreda i dalen. Frå dei lokale innsamlingslistene ser ein at dei ulike herreda kvar gav 50 kr, og at det er mange enkeltpersonar som har gjeve bidrag.

Kunstmålaren Kristen Holbø måla utkast til ny støtte som låg med i pakka. Han fekk òg oppdraget med den å hogge ut støtta. I desember i 1911 vart det skrive kontrakt om levering av 12-13 kbm kleberstein frå Baarstad til Kringen i april 1912.

Av det endelege regnskapet kan ein sjå at ein del av midlane innsamla til ny støtte òg gjekk til å dekke andre utgifter knytt til jubiléet, m.a underskot ved festen.

I pakka låg det òg regnskapsbilag som syner kostnadane knytt til arbeidet med støtta, - mellom anna fundamentering og steinhogging.

Ulike minnestøtter i Kringen