Lesja bygdemuseum er ein fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. Kvart år er ikring 150 frivillige i sving på museet. I dei småe stovene syner dei fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tynnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime eller dei driv med treskjering, dei strikkar og broderer – eller dei demonstrerer korleis ein kniv blir til. Dei som deltek er utøvarar frå heile Nord-Gudbrandsdalen. Aldersspennet er stort og inkluderer unge og eldre frå 15 til 98 år.
Kva hadde museet og kulturlivet vore utan innsatsen frå desse?
Mykje av det frivillige arbeidet blir organisert gjennom Lesja bygdemuseum si venneforeining. Dei kallar no inn til årsmøte i foreininga, og har å sjå både nye og gamle museumsvener.
Fakta om årsmøtet:
Kvar: Tunstugu/Lesja
Når: Torsdag 20. mars klokka 19:30
Kva: Vanlege årsmøtesaker. Forslag til saker vil vi gjerne ha innan 10. mars
Servering: Ja!
Vel møtt!
- 1/1
Knut Aastad Bråten